Intro
Norsk (nynorsk)

Litt historie om helse

I mellomkrigstida (1918–1940) vart folkehelsa i Noreg betre. Det vart oppretta helsestasjonar som dreiv med helsekontrollar og førebyggjande helsearbeid. Det meste av arbeidet vart drive frivillig av kvinner. Fleire legar og sjukepleiarar vart utdanna, og helselære vart eit fag i skolen.

Styresmaktene informerte folk om tuberkulose og andre folkesjukdommar, og folk lærte meir om kor viktig det er å vere reinsleg, og korleis ein kan hindre smitte. Styresmaktene sette mellom anna i gang ein kampanje mot spytting! Andre tiltak var kosthaldskampanjar.

I dag er det mykje snakk om kva god helse er. Vi har mykje informasjon og kunnskap om samanhengen mellom kosthald, livsstil og helse. Det finst også eit rikt utval medisinar og behandlingar som kan lækje visse sjukdommar eller gjere det lettare å leve med dei. Nye medisinar blir stadig utvikla, og sjukdommar som det før ikkje fanst råd for, kan i dag ofte kurerast. Eit døme på slike sjukdommar er kreft.

©J.W. Cappelens arkiv©J.W. Cappelens arkiv
Diskuter helseutviklinga i Noreg dei siste 100 åra. Samanlikn med heimlandet ditt.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) definerer god helse på denne måten: «Helse er ein tilstand av fullstendig kroppsleg, psykisk og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom.» Snakk saman om denne definisjonen. Er det mogleg å oppnå god helse dersom vi legg WHO-definisjonen til grunn?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no