Intro
Norsk (nynorsk)

Graviditet og svangerskap

Svangerskapstida blir rekna i veker

Den aktuelle perioden for å bli gravid er midt i menstruasjonssyklusen. Eit svangerskap er tida frå det befrukta egget tek til å utvikle seg i livmora, og fram til barnet blir fødd. Eit svangerskap varer i om lag 9 månader eller 40 veker. Svangerskapet blir rekna frå første dagen av den siste menstruasjonen, altså rundt to veker før sjølve befruktninga. Fødselen skjer om lag 40 veker etter siste menstruasjon.

©Berit Roald/Scanpix©Berit Roald/Scanpix

Dei aller fleste gravide kvinner gjennomfører eit svangerskap utan alvorlege problem og føder eit velskapt barn. Norske kvinner føder i gjennomsnitt to barn, og det blir fødd om lag 55000 barn kvart år.

Symptom

Det første teiknet på graviditet er gjerne at menstruasjonen ikkje kjem. På apoteket kan ein kjøpe ein graviditetstest som ein kan ta heime, eller ein kan levere ei urinprøve hos legen.

Ei kvinne som er gravid, kjenner seg ofte kvalm og uvel dei første tre månadene. Ho kan også vere trøtt og slapp. Andre symptom er ømme bryst og kraftigare pigment i brystvortene enn normalt. For dei fleste kvinner er 4.–7. svangerskapsmånaden den beste tida. Mange er fulle av energi i denne perioden.

Fosteret

Den gravide kvinna kan merke at barnet sparkar frå 4. eller 5. månad. Kvinner som har fødd før, kan ofte merke det enda tidlegare. I førstninga kjenner ho fosterrørslene kanskje berre eit par gonger i veka, men etter kvart kjenner ho dei kvar dag.

I 7. månaden veg fosteret om lag 1 kg og er rundt 35 cm langt. Fosteret er ferdig utvikla, og babyen vil oftast overleve dersom fødselen skjer på denne tida. Men det er altfor tidleg for ein fødsel, og det er viktig at den gravide kvinna tek godt vare på seg sjølv. Ho skal vere varsam med tunge lyft og store påkjenningar. Magen veks veldig i slutten av svangerskapet. Kvinna går jamt opp i vekt. Ho kan vere litt tungpusta. Det er fordi fosteret pressar opp under mellomgolvet.

Fosteret veks kraftig dei siste månadene av svangerskapet. I slutten av 8. månaden veg det gjerne rundt 3 kilo. I den siste månaden før fødselen snur fosteret seg, og hovudet festar seg i bekkenet til kvinna. Alt blir gjort klart til fødselen. Etter om lag 40 veker blir barnet fødd. I Noreg er gjennomsnittleg fødselsvekt 3,6 kilo.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no