Intro
Norsk (nynorsk)

Prevensjon

Prevensjonsmiddel er ulike middel og metodar ein kan bruke for ikkje å bli gravid. Det er viktig å finne fram til det middelet som passar best for ein sjølv. Lege, helsesyster, jordmor eller sjukepleiar gir råd om prevensjon. Alle som arbeider på legekontor, helsestasjonar og sjukehus, har teieplikt.

  • Kondom
  • Pessar
  • Sæddrepande middel
  • Østrogenfri p-pille
  • P-pille
  • P-ring
  • P-plaster
  • Minipille
  • Hormonspiral
  • Implantat
  • Koparspiral
  • Sterilisering
  • Nødprevensjon
  • Usikker prevensjon

Kondom

Kondom er eit tynt gummihylster som skal rullast på den stive penisen. Kondomet skal sitje på under heile samleiet. Kondomet er sikrare når det blir brukt saman med sæddrepande skum eller krem. Kondomet gir også vern mot kjønnssjukdommar og hivsmitte. Kondom er til sals overalt: i matbutikkar, på apotek, på bensinstasjonar osv. Kondomet er svært sikkert når det blir brukt rett.

Pessar

Eit pessar er ei elastisk gummiskål som kvinna plasserer inne i skjeden, slik at det dekkjer livmorhalsen. Pessar finst i ulike storleikar og skal tilpassast av legen. Pessaret skal brukast saman med sæddrepande krem. Pessaret kan setjast inn når som helst før eit samleie, og det skal sitje på plass i minst seks timar etterpå. Dei fleste kvinner kan bruke pessar. Det er eit sikkert prevensjonsmiddel saman med sæddrepande krem dersom det sit ordentleg på plass i skjeden.

Sæddrepande middel

Sæddrepande middel bruker ein saman med kondom eller pessar, og dei høver ikkje som prevensjonsmiddel åleine. Dei finst som krem, skum, gelé eller som stikkpiller. Midla kan ein få kjøpt på apoteket utan resept, og dei gir få biverknader.

Østrogenfri p-pille

Det finst berre éin type østrogenfri p-pille på den norske marknaden. Pilla hemmar eggløysinga. Det er viktig at pilla blir teken på det same tidspunktet kvar dag for at ho skal vere effektiv. Pilla kan også brukast av kvinner som ammar. Dersom pilla blir brukt rett, er ho nesten hundre prosent sikker. Legen må skrive ut resept på østrogenfrie p-piller.

P-piller

©Stephen Meddle/Rex Features/All Over Press©Stephen Meddle/Rex Features/All Over Press

Ordinære p-piller har vore å få kjøpt i meir enn 30 år. Dei inneheld to ulike hormon: østrogen og gestagen. Desse hormona liknar dei hormona som blir laga i eggstokkane. Ulike p-piller er sette saman på ulike måtar. Legen din vil hjelpe deg med å finne fram til ein type som passar for deg, og skrive ut resept. P-pillene hindrar eggløysinga og gjer det vanskeleg for eit egg å feste seg til livmorslimhinna. P-pillene gir svært sikker prevensjon når ein tek dei rett. Legen må skrive ut resept på p-piller.

Kvinner over 35 år som røykjer, skal ikkje ta p-piller. Det same gjeld kvinner som har hatt blodpropp, brystkreft, hjarteinfarkt, annan hjartesjukdom eller alvorleg leversjukdom.

P-ring

P-ringen er ein mjuk, fleksibel ring som kvinna sjølv set inn i skjeden. Ringen inneheld østrogen og gestagen, men mindre dosar enn i p-piller. Ringen frigir desse hormona gradvis. P-ringen skal liggje i skjeden i tre veker. Så skal han takast ut, og ein ny ring skal setjast inn etter ei veke. Ringen hindrar eggløysing. Ringen er enkel å bruke. P-ringen får ein på apotek på resept frå ein lege. Dette er ein svært sikker metode. Kvinner som ikkje kan bruke p-piller, kan heller ikkje bruke p-ring.

P-plaster

P-plaster inneheld østrogen og gestagen i same mengd som lågaste doserte p-pille. Hormona blir frigitt gjennom huda. Plasteret skal skiftast same vekedag i tre veker. Når ein har brukt tre plaster i tre veker, tek ein ei veke pause før ein set på eit nytt plaster, på same vekedag. Plasteret hindrar eggløysing. Plasteret får ein på apotek på resept frå lege. Det er like sikkert som p-piller.

Minipilla

Minipilla inneheld berre eitt hormon: gestagen. Minipilla skal takast til same tidspunkt kvar dag. Dersom du gløymer å ta pilla, og det går meir enn 27 timar mellom to piller, må du sikre deg ekstra mot graviditet dei neste 14 dagane. Pilla skal takast som normalt. Minipilla får ein berre på resept.

Hormonspiral

Hormonspiralen er ein liten gjenstand som legen set inn i livmora. Det kan vere litt vondt å setje inn spiralen, men smertene går oftast fort over. Dersom smertene varer, må ein kontakte legen. Hormonspiralen hemmar veksten av livmorslimhinna og gjer slimet i livmorhalsen ugjennomtrengjeleg for sædceller. I tilegg hemmar spiralen rørslene til sædcellene i livmora. Hormonspiralen er effektiv i fleire år. Han gir god sikring mot graviditet.

Implantat

Det finst to typar implantat på den norske marknaden. Dei er om lag så store som ei fyrstikk og inneheld hormonet gestagen. Dei blir sette inn under huda på overarmen for ein periode på tre eller fem år, avhengig av type. Dette får ein gjort hos lege. Implantatet verkar ved at det hindrar eggløysinga og påverkar slimet i livmorhalsen slik at sædcellene har vanskeleg for å nå opp til livmora og eggleiarane. Implantatet gir sikker prevensjon.

Koparspiral

©Steinar Myhr/Samfoto©Steinar Myhr/Samfoto

Koparspiralen skal setjast inn i livmora, akkurat som hormonspiralen. Spiralen hindrar egget i å feste seg i livmora. Dessutan kan koparen hemme rørslene til sædcellene i livmora. Spiralen er effektiv i mellom fem og ti år, og han gir godt vern mot graviditet. Koparspiralane kan gi kraftigare menstruasjon, og av og til menstruasjonssmerter.

Sterilisering

Sterilisering er ein endeleg prevensjonsmetode. Ein mann eller kvinne som er sterilisert, kan ikkje lenger få barn. Operasjonen kan svært sjeldan gjerast om. Det er derfor viktig å tenkje seg godt om før ein går til dette steget.

Nødprevensjon

Dersom eit samleie skjer rundt tidspunktet for eggløysing, er sjansen for å bli gravid rundt 20%. Dersom ein har hatt samleie utan å bruke prevensjon på dette tidspunktet, kan ein få kjøpt reseptfrie nødprevensjonsmiddel på apoteket. Dette er spesielle hormontablettar som skal takast i store dosar innan 72 timar etter samleiet. Det er viktig å gå til kontroll hos lege etter tre eller fire veker for å sjekke om ein likevel er gravid. Pillene kan skade fosteret dersom graviditeten varer ved. Ein kan også hindre graviditet ved å setje inn spiral innan fem dagar etter samleiet.

Usikker prevensjon

Sikre periodar

Teoretisk kan ein unngå å bli gravid dersom ein ikkje har samleie i den perioden ein har eggløysing. Dette er ein svært usikker metode, fordi lengda på syklusen og tidspunktet for eggløysinga varierer sterkt frå kvinne til kvinne.

Avbrote samleie

Dersom samleiet blir avbrote før sædavgang, kan dette hindre graviditet. Metoden er likevel ikkje sikker. Sædceller kan kome ut i skjeden før sædavgangen, og sædceller frå huda omkring skjeden kan kome inn i skjeden.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no