Intro
Norsk (nynorsk)

Vaksinar

©fotofil.no/Eli Berge/Kjell Harangen©fotofil.no/Eli Berge/Kjell Harangen

Alle barn som bur i Noreg, får tilbod om vaksinasjon mot desse sjukdommane:

  • Difteri
  • Stivkrampe
  • Kikhoste
  • Hib-infeksjon (haemophilus influenzae type b)
  • Poliomyelitt
  • Meslingar
  • Kusma
  • Raude hundar
  • Tuberkulose

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som fastset vaksinasjonsprogrammet. Vaksinasjonsprogrammet er frivillig, men styresmaktene i Noreg tilrår vaksinasjon for alle barn.

Vaksinasjonsprogrammet er gratis. Det er i regelen helsestasjonen og skolehelsetenesta i kommunen som gir vaksinane.

Vaksinasjonsprogrammet følgjer denne tabellen:

Alderen til barnetVaksinasjon mot
3 månaderDifteri/stivkrampe/kikhoste, Hib-infeksjon, poliomyelitt
5 månaderDifteri/stivkrampe/kikhoste, Hib-infeksjon, poliomyelitt
11–12 månaderDifteri/stivkrampe/kikhoste, Hib-infeksjon, poliomyelitt
15 månaderMeslingar / kusma / raude hundar
6–8 årPoliomyelitt
11–12 år Difteri/stivkrampe
12–13 årMeslingar / kusma / raude hundar
UngdomsskolenPoliomyelitt, tuberkulose

Kvifor tilrår norske styremakter at alle barn følgjer vaksinasjonsprogrammet?
Kva kan skje dersom mange skulle velje ikkje å følgje vaksinasjonsprogrammet?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no