Intro
Norsk (nynorsk)

Apotek og apotekvarer

Norske apotek er i privat eige. Mange av apoteka høyrer til ei apotekkjede. På apoteket arbeider det farmasøytar og andre som er utdanna innan medisin og medisinbruk. Dei som arbeider på apoteket, kan hjelpe oss med å finne rett medisin og anna vi treng. Dei kan gi gode råd om behandling av småplager og førebyggjande medisin.

På apoteket kan du kjøpe medisinar, vitamin, ulike kremar, prevensjonsmiddel, graviditetstestar, ulike ting til sårbehandling, hygieneartiklar og toalettsaker.

Visse apotekvarer kan du også kjøpe i daglegvarehandelen og på bensinstasjonar. Eit døme er smertestillende tablettar.

Vi bør ha ein del apotekvarer heime. Her ser du nokre av desse varene.

  • plaster
  • desinfiserande middel for reinsing av sår
  • smertestillande tablettar
  • sterile kompressar

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no