Intro
Norsk (nynorsk)

Allergiar

Somme gonger reagerer kroppen på stoff som eigenteig ikkje er farlege. Reaksjonar kan vere rennande og kløande auge, rennande nase, kribling i halsen, utslett, kløe, opphovning og væskesamlingar. Stoff som kan løyse ut slike reaksjonar, er til dømes ulike matvarer, reingjeringsmiddel, pollen i lufta, støv og dyr. 

©Birger Areklett/Samfoto©Birger Areklett/Samfoto

Mange menneske reagerer allergisk på pollen frå ulike grastypar, bjørk og andre tre. Pollenspreiinga frå desse plantene er sterkast om våren og om sommaren. Ulike planter blomstrar til ulike tider, og vêr og vind påverkar også pollenspreiinga. Det kan derfor vere lurt å følgje med på pollenvarselet i lokalavisa.

Om lag 40 % av befolkninga i Noreg har ei form for allergi. Det finst medisinar mot allergiar. Somme medisinar er reseptfrie, og ein kan få hjelp til å finne rett medisin på apoteket. Andre medisinar kan ein få resept på hos legen. Det kan likevel vere lurt å gå til ein lege for å få stilt diagnosen. Somme medisinar dempar allergien, til dømes tablettar, medan andre behandlar symptoma, til dømes nasespray og augedropar.

Når ein flyttar til nye omgivnader, kan ein få allergiske reaksjonar ein ikkje har hatt før. Årsaka kan vere kontakt med ukjende stoff i naturen, nye matvarer og liknande.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no