Intro
Norsk (nynorsk)

Norsk historie: Den andre verdskrigen

Noreg var okkupert av Tyskland i åra 1940–1945. Mykje vart øydelagt under krigen. Bygningar, fabrikkar og heile byar vart bomba og brende. Det var mangel på dei fleste varer, og mange hadde det vanskeleg.

Den andre verdskrigen braut ut i september 1939. Da vart Polen okkupert av tyske soldatar. Tyske soldatar kom til Noreg 9. april 1940. Det vart nokre korte kampar fleire stader i landet, men etter nokre få dagar hadde tyskarane kontroll over Noreg. Kongen og regjeringa flykta til London i England og førte motstandskampen derifrå.

©J.W. Cappelens arkiv©J.W. Cappelens arkiv

Etter dei første krigsdagane var det ikkje så stor militær motstand i Noreg. Nazistane kontrollerte politiet, og landet fekk ei ny, nazivennleg regjering. Denne regjeringa var ikkje demokratisk vald.

Mange nordmenn dreiv med illegalt arbeid under krigen. Somme spreidde usensurert informasjon, til dømes aviser og flygeblad. Andre hjelpte menneske med å flykte frå nazistane til andre land, i hovudsaka til Sverige og England. Mange vart arresterte og sette i fangeleir.

Sjølv om landet var okkupert, kunne dei fleste gå på jobb som vanleg, og barna gjekk på skolen. Men mat, klede og andre varer var rasjonerte, og framtida verka utrygg.

Noreg hadde ein stor handelsflåte før krigen. I krigsåra 1940–1945 frakta mange av skipa varer til land som var i krig med Tyskland. Den norske regjeringa i London organiserte denne trafikken. Om lag halvparten av skipa vart torpederte eller bomba, og nesten 4000 norske sjømenn mista livet under krigen.

I alt mista rundt 10000 norske menn og kvinner livet på grunn av krigen. Om lag 700 av dei var jødar som vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Polen.

Den 8. mai 1945 kapitulerte Tyskland, og Noreg var igjen eit fritt land. Rundt 50000 nordmenn vart dømde for landssvik etter krigen. Dei hadde vore medlemmer av det nasjonalsosialistiske partiet Nasjonal Samling, som sympatiserte og samarbeidde med nazistane. 25 personar vart avretta for landssvik etter krigen.

©Sverre A. Børretzen/Scanpix©Sverre A. Børretzen/Scanpix

Etter 1945 byrja arbeidet med å byggje opp att landet. Dette var ein periode med mykje aktivitet. Både produksjon og eksport auka, og handelsflåten vart bygd opp att.

Mange fekk arbeid, og sjølv om lønna ikkje var så høg, vart fattigdommen mykje mindre. Det var stor optimisme blant folk flest, og mange var ivrige etter å vere med på å byggje opp att Noreg. Omgrep som likskap og likeverd vart viktige for folk. Økonomien i Noreg vart gradvis betre, sjølv om det framleis var rasjonering på ein del varer til langt ut i 1950-åra.

I tiåra etter krigen vart det innført ein del reformer som skulle vere med på å gi alle eit betre liv. Arbeidstida vart kortare og feriane lengre. I 1967 vart «lov om folketrygd» innført. Lova skulle sørgje for økonomisk tryggleik for alle innbyggjarane, også sjuke og eldre.

Diskuter samanhengen mellom okkupasjonen av Noreg, oppbygginga av landet etter krigen og framveksten av velferdsstaten.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no