Intro
Norsk (nynorsk)

Stortinget

©Bård Løken/Samfoto©Bård Løken/Samfoto

Stortinget er den øvste statsmakta i Noreg. På Stortinget sit 169 representantar for ulike politiske parti. Representantane blir valde av folket for fire år om gongen.

Stortinget har som viktigaste oppgåver å

  • vedta nye lover og endre gamle lover
  • vedta statsbudsjettet
  • kontrollere regjeringa og statsforvaltninga
  • drøfte politiske spørsmål og store prosjekt

©Jarl Fr. Erichsen/Scanpix©Jarl Fr. Erichsen/Scanpix

Stortingsdebattane er opne. Alle som vil, kan vere til stades under debattane. Det er berre stortingsrepresentantane som kan ta ordet. Det er stortingspresidenten som styrer debattane. Representantane er plasserte i salen etter kva fylke dei representerer.

Ein kan stille spørsmål til stortingsrepresentantane gjennom e-post. Du finn e-postadresser til alle representantane og meir informasjon om Stortinget på nettsidene til Stortinget.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no