Intro
Norsk (nynorsk)

Politiske parti

I Noreg er det mange ulike politiske parti. Vi har eit fleirpartisystem. Når folket går til val, har dei mange alternativ å velje mellom. Ved stortingsvalet i 2005 stilte 21 parti til val, og 7 av dei kom inn på Stortinget. Ved dette valet var det 76,7 % av dei røysteføre som brukte røysteretten sin.

Partia lagar eit valprogram før kvart val. Her skriv dei om kva saker dei ønskjer å jobbe med i valperioden, det vil seie dei neste fire åra.

Vi kan grovt dele inn dei største partia på denne måten:

Sosialistiske parti

  • Raud Valallianse (RV)
  • Sosialistisk Venstreparti (SV)
  • Arbeidarpartiet (DNA)

Borgarlege parti

  • Senterpartiet (SP)
  • Kristeleg Folkeparti (KrF)
  • Venstre (V)
  • Høgre (H)
  • Framstegspartiet (FrP) 

Her er partia plasserte langs ein akse frå venstre mot høgre.Her er partia plasserte langs ein akse frå venstre mot høgre.

Torstein Dahle ©Arash a. Nejad/ScanpixTorstein Dahle ©Arash a. Nejad/Scanpix
logo RV

Raud Valallianse (RV) er både eit sosialistisk og eit revolusjonært parti. Partiet meiner at ein revolusjon er nødvendig for å skape eit sosialistisk samfunn der privat eigedomsrett er avskaffa.

Partileiar: Torstein Dahle

Representantar på Stortinget 2005–2009: 0


Kristin Halvorsen ©Bjørn Sigurdsøn/ScanpixKristin Halvorsen ©Bjørn Sigurdsøn/Scanpix
logo SV

Sosialistisk Venstreparti (SV) kallar seg eit sosialistisk parti. Dei ønskjer seg sterkare politisk styring av samfunnet og ei radikal omfordeling av samfunnsgoda, og dei er opptekne av miljøspørsmål.

Partileiar: Kristin Halvorsen

Representantar på Stortinget 2005–2009: 15


Jens Stoltenberg ©Bjørn Sigurdsøn/ScanpixJens Stoltenberg ©Bjørn Sigurdsøn/Scanpix
logo AP

Arbeidarpartiet (DNA) kallar seg eit sosialdemokratisk parti. Dei ønskjer å endre samfunnet gjennom gradvise reformer. Dei ønskjer å jamne ut sosiale skilnader og går inn for at det offentlege skal ha eit sterkt ansvar for utdanning og helsestell.

Partileiar: Jens Stoltenberg

Representantar på Stortinget 2005–2009: 61


Åslaug Marie Haga ©Trond Solberg/ScanpixÅslaug Marie Haga ©Trond Solberg/Scanpix
logo SP

Senterpartiet (SP) set mennesket, naturen og miljøet i sentrum. Senterpartiet er i stor grad partiet som kjempar for interessene til landsbygda og primærnæringane (jordbruk, skogbruk og fiske). Partiet er ein varm tilhengjar av velferdsstaten og vil ta vare på velferdsgoda.

Partileiar: Åslaug Marie Haga

Representantar på Stortinget 2005–2009: 11


Dagfinn Høybråten ©Knut Falch/ScanpixDagfinn Høybråten ©Knut Falch/Scanpix
logo KrF

I Kristeleg Folkeparti (KrF) står kristne grunnverdiar sentralt. Viktige saker for KrF er skole- og familiepolitikk, ein restriktiv alkoholpolitikk og ei positiv holdning til kyrkja.

Partileiar: Dagfinn Høybråten

Representantar på Stortinget 2005–2009: 11


Lars Sponheim ©Knut Falch/ScanpixLars Sponheim ©Knut Falch/Scanpix
logo V

Venstre (V) kallar seg eit sosialliberalt parti. Dei er opptekne av rettane til enkeltmennesket og av at samfunnets tek ansvar. Dei ønskjer eit offentleg velferdssystem og eit privat næringsliv.

Partileiar: Lars Sponheim

Representantar på Stortinget 2005–2009: 10


Erna Solberg ©Bjørn Sigurdsøn/ScanpixErna Solberg ©Bjørn Sigurdsøn/Scanpix
logo H

Høgre (H) meiner at marknadsøkonomi og privat eigedomsrett er nødvendig for å skape velferd og fridom. Likevel er partiet tilhengjar av offentlege velferdsordningar.

Partileiar: Erna Solberg

Representantar på Stortinget 2005–2009: 23


Siv Jensen ©Geir Otto Johansen/ScanpixSiv Jensen ©Geir Otto Johansen/Scanpix
logo FrP

Framstegspartiet (FrP) kallar seg eit liberalistisk parti. Hovudsakene til partiet er å arbeide for lågare skattar og avgifter og mindre offentleg styring. Partiet arbeider også for ein strengare innvandringspolitikk.

Partileiar: Siv Jensen

Representantar på Stortinget 2005–2009: 38

Diskuter likskapar og skilnader mellom dei ulike politiske partia.
I Noreg har vi eit fleirpartisystem. Kva har det å seie for korleis landet blir styrt?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no