Intro
Norsk (nynorsk)

Regjeringa

Regjeringa er i regelen samansett av 18–19 statsrådar. Statsrådane leier kvart sitt departement. Statsministeren leier regjeringa.

Dei politiske partia vil gjerne vere med på å avgjere korleis Noreg skal styrast, og dei fleste partia ønskjer å kome med i regjeringa. Når fleire parti samarbeider om å skipe regjering, kallar vi det ein koalisjon. Dersom partia i regjeringa til saman har fleirtal i Stortinget, er det ei fleirtalsregjering. Dersom partia som går saman om å skipe regjering, har under halvparten av representantane på Stortinget, er det ei mindretalsregjering.

Regjeringa har mellom anna som oppgåve å gjere framlegg om nye lover eller endringar i lovene. Det er Stortinget som vedtek lovene. Regjeringa skal sørgje for at vedtak i Stortinget blir gjennomførte. Regjeringa lagar også eit framlegg til statsbudsjett.

Parti som er representerte på Stortinget, men som ikkje sit i regjeringa, er i opposisjon. Dei prøver å påverke regjeringa for å få igjennom sine eigne saker.

Snakk saman om den regjeringa vi har i Noreg i dag. Er det ei koalisjonsregjering eller ei eittpartiregjering? Er det ei fleirtalsregjering eller ei mindretalsregjering? Kva parti sit i regjeringa? Kor mange ministrar er kvinner, og kor mange er menn? Kva for departement leier dei?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no