Intro
Norsk (nynorsk)

Det norske rettsystemet

Stortinget

Stortinget har lovgivande makt i Noreg. Det vil seie at det er Stortinget som vedtek dei formelle rettsreglane (lover, forskrifter og vedtekter).

Rettstryggleik

I Noreg har vi rettstryggleik. Det vil seie at ingen kan dømmast eller straffast utan at det er grunnlag for det i lova.

©Jarl Fr. Erichsen/Scanpix©Jarl Fr. Erichsen/Scanpix

Straffereglar

Til fleire av lovene er det straffereglar. Det vil seie at lova fastset straffereaksjonar dersom lova blir broten.

Kriminalitet

Kriminalitet vil seie at ein av straffereglane ikkje blir følgd. For at noko skal vere kriminelt, må det stå i lova at det er straffbart.

Samfunnet er i stadig endring, og kva som er straffbart, endrar seg over tid. Fram til 1972 var det til dømes forbode for mann og kvinne å leve saman utan å vere gifte. I 2002 var 17% i aldersgruppa 16–79 år sambuarar.

Den registrerte kriminaliteten har auka kraftig dei siste åra. Talet på saker som er etterforska, er meir enn dobla mellom 1980 og 2000. Innbrott, tjuveri og annan økonomisk kriminalitet utgjorde i 2001 67,2 % av alle etterforska lovbrott. Valdskriminalitet utgjorde 7,5 %, medan narkotikakriminalitet utgjorde 14,2 %. Over 40 % av alle som blir sikta og straffa for lovbrott, er ungdom mellom 18 og 25 år. Typiske ungdomsbrottsverk er tjuveri, innbrott og skadeverk. Den vanlegaste grunnen til fengsling i Noreg er promillekøyring, det vil seie at ein køyrer bil etter å ha drukke alkohol.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no