Intro
Norsk (nynorsk)

Likestiling mellom kjønna

©Hallgeir Vågenes/Scanpix©Hallgeir Vågenes/Scanpix
Kva er likestilling?

Likestilling handlar om at kvinner og menn skal ha dei same rettane og pliktene, og at alle skal ha dei same sjansane i samfunnet. Likestilling handlar også om rettferd og om deling av ansvaret, både i familien og i samfunnet. Dersom kjønn hindrar oss i å sjå dei sterke og svake sidene hos ein person, kan det føre til diskriminering og setje grenser for den enkelte.

©Scanpix©Scanpix

I Noreg vart likestillingslova vedteken i 1978. Lova skal sikre at menn og kvinner blir behandla likt. Lova er viktig for begge kjønn, men det er særleg stillinga til kvinnene som er i fokus.

Kvinner kjempa for likestilling i mange år før likestillingslova vart vedteken. Kvinner fekk arverett på lik linje med menn i 1854, og ugifte kvinner vart gjorde myndige i 1864. Gifte kvinner vart ikkje gjorde myndige før i 1888. Dei hadde da rett til å disponere sin eigen formue.

Norsk kvinnesaksforening vart stifta i 1884. Både kvinner og menn var medlemmer.

©Universitetsbiblioteket i Bergen©Universitetsbiblioteket i Bergen

Mot slutten av 1800-talet fekk kvinnene fleire val når det galdt utdanning og yrke. Kvinner fekk rett til å arbeide som lærar frå 1870. Samfunnet endra seg fort på denne tida, og det var stort behov for ny arbeidskraft. Mange kvinner tok til å arbeide på telegrafen eller telefonsentralen. Begge delar var arbeidsplassar som bygde på ny teknologi. Mange av dei nye kvinneyrka kravde utdanning. Dette vart først og fremst aktuelt for kvinner frå middelklassen.

Kvinnene frå arbeidarklassen hadde lenge vore i arbeid på fabrikkane. Rundt 1/3 av alle kvinner i yrkesaktiv alder var i lønt arbeid på slutten av 1800-talet. Dei fleste var unge og ugifte.

Viktige årstal for historia om likestilling i Noreg

  • 1910 Kvinner fekk røysterett ved kommuneval
  • 1911 Første kvinnelege vararepresentant på Stortinget (Anna Rogstad)
  • 1913 Kvinner fekk allmenn røysterett på same vilkår som menn.
  • 1922 Første kvinnelege representant på Stortinget (Karen Platou)
  • 1945 Første kvinnelege statsråd (Kirsten Hansteen)
  • 1961 Første kvinnelege prest (Ingrid Bjerkås)
  • 1968 Første kvinnelege høgsterettsdommar (Lilly Bølviken)
  • 1974 Første kvinnelege fylkesmann (Ebba Lodden)
  • 1978 Første kvinnelege likestillingsombod (Eva Kolstad)
  • 1981 Første kvinnelege statsminister (Gro Harlem Brundtland))
Gro Harlem Brundtland (Arbeidarpartiet) skipa regjering i 1981. Ho var statsminister i mange år. ©Helge Mikalsen/ScanpixGro Harlem Brundtland (Arbeidarpartiet) skipa regjering i 1981. Ho var statsminister i mange år. ©Helge Mikalsen/Scanpix

Dersom du vil lese meir om likestilling, kan du sjå på nettstaden til Likestillings- og diskrimineringsombudet.

Kva ser du i Noreg som viser at Noreg er eit likestilt samfunn?

Snakk saman om kampen for likestilling frå slutten av 1800-talet og framover.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no