Intro
Norsk (nynorsk)

Monarkiet

Den nye kongefamilien kjem til Noreg. ©ScanpixDen nye kongefamilien kjem til Noreg. ©Scanpix

Det norske monarkiet har røter som går meir enn tusen år tilbake i tid. Etter unionsoppløysinga i 1905 vart den danske prins Carl (fødd 1872) vald til konge i Noreg. Han tok namnet Haakon 7. Den 25. november 1905 kom han til Noreg saman med kona si, Maud (fødd 1869), og den vesle sonen deira, Alexander (fødd 1903), som fekk namnet Olav.

Kong Harald overtok som konge i 1991. ©Tor Richardsen/ScanpixKong Harald overtok som konge i 1991. ©Tor Richardsen/Scanpix
Kong Olav regjerte frå 1957 til 1991. ©Thorsrud/ScanpixKong Olav regjerte frå 1957 til 1991. ©Thorsrud/Scanpix

Kronprins Olav var den første norske tronarvingen sidan mellomalderen som voks opp i Noreg. I 1929 gifta han seg med den svenske kusina si, prinsesse Märtha. Kronprinsparet fekk tre barn: prinsesse Ragnhild (fødd 1930), prinsesse Astrid (fødd 1932) og prins Harald (fødd 1937).

Kong Haakon døydde i 1957, og sonen vart da kong Olav 5. Kong Olav døydde i 1991. No er Harald konge.

Du kan lese meir på nettsidene til kongehuset. Der kan du også sjå mange fine bilete.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no