Intro
Norsk (nynorsk)

Nasjonaldagen

Den norske nasjonaldagen er 17. mai. Dagen blir feira til minne om 17. mai 1814 da Noreg fekk Grunnlova. Det er vanleg å pynte seg på nasjonaldagen. Mange bruker bunad eller andre nasjonaldrakter. Det blir arrangert barnetog om føremiddagen. Skolebarna går i tog medan dei viftar med norske flagg og syng songar. Mange stader spelar musikkorps i toget. Seinare på dagen er det ofte talar og arrangement på skolane, i parkane eller i sentrum. 17. mai blir også kalla barnas dag.

©Bjørn Sigurdsøn/Scanpix©Bjørn Sigurdsøn/Scanpix

Nasjonalsongen

I Noreg kallar vi nasjonaldagen barnas dag. Korleis blir nasjonaldagen feira i andre land du kjenner til?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no