Intro
Norsk (nynorsk)

Rettsapparatet

Domstolane i Noreg er bygde som ein pyramide.

Tingretten

Det nedste steget i pyramiden er tingretten.

Lagmannsretten

Det neste steget er lagmannsretten. Lagmannsretten er ein ankeinstans. Det vil seie at lagmannsretten avgjer utfallet av ankar (klagar) over dommar frå tingretten. Både den tiltala og påtalemakta kan anke ei sak til lagmannsretten. Dette kan dei gjere både dersom dei meiner at straffa er for streng eller for mild, eller dersom dei meiner at skyldspørsmålet ikkje er rett avgjort.

Høgsterett

Det øvste steget i pyramiden er Høgsterett. Høgsterett er ankeinstans for lagmannsretten. Dommar kan ikkje ankast vidare frå Høgsterett. Dommar frå Høgsterett er endelege. Det vil seie at dei er rettskraftige.

Kven dømmer?

I både tingretten og lagmannsretten er det dommarar som avgjer skyldspørsmålet og straffeutmålinga. Dommarane er fagdommarar, meddommarar eller lekdommarar.

Fagdommarar er juristar. Meddommarar og lekdommarar er vanlege folk som er nemnde opp. I alvorlege saker har lagmannsretten ein jury med 10 sivile medlemmer. Juryen er samansett av fem kvinner og fem menn. Juryen avgjer om den tiltala er skyldig eller ikkje. Det er eit viktig prinsipp i norsk rettsstell at skyldspørsmålet skal avgjerast av likemenn.

Forsvarar

Den tiltala har rett til å få nemnt opp ein forsvarer. Han eller ho må møte i rettssalen og forklare seg.

Aktor

Aktor i saka kjem med påtale etter kva lovbrott det gjeld. Aktor kjem også med framlegg om straff.

Straff

Det finst mange ulike straffereaksjonar. Her er dei vanlegaste:

Påtaleavkall

Påtaleavkall vil seie at lovbrytaren slepp med ei åtvaring, men kjem i strafferegisteret hos politiet.

Førelegg

Førelegg vil seie at ein får tilbod om å betale ei bot utan noka rettssak. Førelegg blir ofte nytta i samband med til dømes mindre alvorlege brott på trafikkreglane. Ei bot er ein pengesum som skal betalast til staten.

Fengselsstraff på vilkår

Fengselsstraff på vilkår vil seie at lovbrytaren på visse vilkår slepp å sone straffa i fengsel. Dersom personen bryt lova på nytt før det er gått to år, må det sonast for både det gamle og det nye lovbrottet.

Fengselsstraff utan vilkår

Fengselsstraff utan vilkår vil seie at den dømde må sone straffa i fengsel. Den strengaste fengselsstraffa i Noreg er 21 år og kan brukast ved overlagt drap eller alvorleg narkotikabrott. Dei som sonar straff i fengsel, blir i regelen sette fri på prøve etter at 2/3 av straffa er sona.

Forvaring i anstalt

Forvaring i anstalt er ein straffereaksjon som blir brukt for å skjerme samfunnet. For at ein person skal kunne dømmast til forvaring, må den dømde erklærast «sinnssjuk i gjerningsaugneblinken», eller vere varig mentalt sjuk eller ha «mangelfullt utvikla eller varig svekka sjelsevner». Det må også vere fare for at den dømde vil gjere seg skyldig i nye lovbrott.

Samfunnsteneste

Samfunnsteneste kan brukast i staden for fengselsstraff når dommen er på inntil eitt års fengsel utan vilkår. Ein månads fengselsstraff svarar til 30 timar samfunnsnyttig arbeid i helgane eller fritida.

Du kan lese meir om rettsapparatet på nettstaden til domstolane og på nettstaden Norge.no.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no