Intro
Norsk (nynorsk)

Opphaldsløyve

©Torbjørn Tandberg/Samfoto©Torbjørn Tandberg/Samfoto

Alle søknader om asyl blir behandla individuelt. Ein asylsøkjar kan få ein av desse typane opphaldsløyve:

Asyl

Asylsøkjaren har rett til asyl dersom han eller ho har ei velgrunna frykt for å bli forfølgd i heimlandet av styresmaktene i landet eller av andre. Grunnar til forfølging kan vere rase, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei bestemt sosial gruppe eller politisk oppfatning. Med forfølging er meint alvorleg krenking av menneskerettar eller andre alvorlege overgrep. Med velgrunna frykt er meint at det skal vere ein reell fare for slik krenking.

Ein person som får asyl, har status som flyktning og får opphalds- og arbeidsløyve. Løyvet er gyldig for eitt år om gongen og må fornyast.

Personen får også tildelt reisebevis for flyktningar. Reisebeviset er ikkje gyldig for innreise til heimlandet til flyktningen. Barn må ha eit eige reisebevis.

Opphald av vernegrunnar

Dersom asylsøkjaren ikkje får asyl, men det likevel ikkje er trygt å reise tilbake til heimlandet, kan han eller ho få opphaldsløyve av vernegrunnar. Det kan vere på grunn av generell uro i heimlandet, eller fordi han eller ho risikerer tortur eller anna umenneskeleg behandling der.

Den største gruppa asylsøkjarar som får opphaldsløyve i Noreg, får opphald av vernegrunnar. Opphaldsløyvet blir normalt gitt som vanleg opphalds- og arbeidsløyve. Løyvet gjeld for eitt år om gongen og må fornyast.

Dersom personen ikkje kan få pass frå heimlandet sitt, kan han eller ho søkje om utlendingspass.

Opphald av humanitære grunnar

Asylsøkjaren kan også få opphaldsløyve av humanitære grunnar. Personar med alvorlege helseproblem kan i visse tilfelle få slikt opphaldsløyve. Slikt opphaldsløyve kan ein i spesielle tilfelle også gi av omsyn til barna.

Opphaldsløyvet blir normalt gitt som vanleg opphalds- og arbeidsløyve. Løyvet gjeld for eitt år om gongen og må fornyast.

Dersom personen ikkje kan få pass frå heimlandet sitt, kan det søkjast om utlendingspass.

Mellombels arbeidsløyve

Asylsøkjarar kan få mellombels arbeidsløyve medan UDI behandlar asylsøknaden. Dersom søknaden om asyl er klart grunnlaus, eller det er tvil om identiteten til søkjaren, blir det ikkje gitt mellombels arbeidsløyve.

Du kan lese meir om ulike typar opphaldsløyve på nettsida til Utlendingsdirektoratet.

På nettsida bip.no finn du meir informasjon om innvandring og asylpolitikk.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no