Intro
Norsk (nynorsk)

Familiegjenforeining

©Ingun A. Mæhlum/Dagbladet/All Over Press©Ingun A. Mæhlum/Dagbladet/All Over Press

Ein familiemedlem i utlandet kan søkje om familiegjenforeining med eitt eller fleire familiemedlemmer som allereie bur i Noreg. Familiegjenforeining vil seie at familiemedlemmen får lov til å bli i Noreg.

Det er den eller dei familiemedlemmene som ønskjer å kome til Noreg, som skal søkje om familiegjenforeining. Søknaden skal leverast til nærmaste ambassade eller utanriksstasjon i landet der personen bur. Tilsette på utanriksstasjonen hjelper til med å fylle ut søknaden. I dei fleste tilfella må søknaden godkjennast før søkjaren kan reise til Noreg. Søkjaren må sjølv betale reisa til Noreg.

Familiemedlemmen eller familiemedlemmen i Noreg må ha

  • norsk eller nordisk statsborgarskap
  • busetjingsløyve i Noreg
  • opphaldsløyve som kan gi busetjingsløyve

Familiemedlemmen må også kunne dokumentere at han eller ho er i stand til å forsørgje den eller dei personane som søkjer om familiegjenforeining. Vedkomande må også ha ein bustad.

Familiegjenforeining gjeld i regelen berre nære familiemedlemmer. Nære familiemedlemmer er

  • barn under 18 år
  • ektefelle eller registrert partnar
  • sambuar gjennom to år

Det er mogleg for andre familiemedlemmer å søkje om familiegjenforeining med ein familiemedlem i Noreg. Dette kan vere barn over 18 år, foreldre og andre. Utlendingsdirektoratet (UDI) eller ein norsk utanriksstasjon kan gi meir informasjon om dette.

Du kan lese meir om familiegjenforeining på nettsida til Utlendingsdirektoratet.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no