Intro
Norsk (nynorsk)

Introduksjonsprogram

1. september 2004 vart introduksjonslova sett i verk i Noreg. Denne lova seier at kommunane har eit ansvar for å gjere det lettare for innvandrarar som nettopp er komne, å ta del i arbeidslivet og samfunnslivet.

Introduksjonsprogrammet har desse måla for kursdeltakarane:

  • grunnleggjande kunnskapar i norsk
  • grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv
  • førebuing til å ta del i det norske arbeidslivet

©Mimsy Møller/Samfoto©Mimsy Møller/Samfoto

Lova gjeld for innvandrarar mellom 18 og 55 år som nettopp er komne til landet, og som treng grunnleggjande kvalifisering. For å ha rett til introduksjonsprogram må innvandraren ha fått asyl, ha kome som overføringsflyktning eller ha fått opphaldsløyve av vernegrunnar. Personar som er familiegjenforeinte med flyktningar, får i visse tilfelle tilbod om introduksjonsprogram. Kommunen kan velje å gi tilbod om introduksjonsprogram til alle innvandrarar.

  • Innvandrarane får tilbod om introduksjonsprogram i kommunen der dei er busette.
  • Introduksjonsprogrammet varer normalt i to år. Det er mogleg å søkje om å forlengje programmet (inntil tre år).
  • Programmet er eit heildagsprogram. Deltakarane har ferie i om lag fem veker i året.
  • Deltakarane får ein kontaktperson (programrådgivar) i kommunen. Programrådgivaren skal gi råd og rettleiing så lenge introduksjonsprogrammet varer.
  • Innhaldet i introduksjonsprogrammet kan vere norskopplæring, praksis ved ulike arbeidsplassar og andre aktivitetar.
  • Kursdeltakarane får pengar for å vere med. Desse pengane kallar vi introduksjonsstøtte. Introduksjonsstøtta er den same i heile landet.

Introduksjonsstøtta er fastsett til 2G. G står for grunnbeløpet i folketrygda. Frå 1. mai 2005 er 1G kr 60699. For personar mellom 18 og 25 år er introduksjonsstøtta 75 % av 2G. Introduksjonsstøtta er skattepliktig.

Du kan lese meir om «lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere » (introduksjonslova) på nettsida til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI). På nettsida til Lovdata finn du heile lova.

Diskuter måla med introduksjonsprogrammet.

Kvifor får personar mellom 18 og 25 år berre 75 % av introduksjonsstøtta?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no