Intro
Norsk (nynorsk)

Rett og plikt til norskopplæring?

©Mimsy Møller/Samfoto©Mimsy Møller/Samfoto

Vaksne innvandrarar i Noreg har rett og plikt til å gjennomføre minst 300 timar norskopplæring. 50 av desse timane skal vere samfunnskunnskap formidla på morsmålet til innvandraren eller på eit anna språk som personen forstår. Lova om rett og plikt til norskopplæring gjeld frå 1. september 2005. Ordninga gjeld berre for personar som får opphaldsløyve i Noreg etter denne datoen.

Målet med obligatorisk norskopplæring er å gjere det lettare for innvandrarane å ta aktivt del i arbeids- og samfunnslivet.

Alle skal ha ein eigen plan for norskopplæringa. Programrådgivaren, læraren og deltakaren samarbeider om å lage denne planen. Mange vil trenge meir enn 300 timar opplæring for å lære nok norsk til å fungere i samfunnet. Det er derfor mogleg å søkje om fleire timar. Maksimal grense er 3000 timar til saman. Det er kommunen som har ansvaret for å tilby opplæring.

Innvandrarar som ønskjer busetjingsløyve (permanent opphaldsløyve) eller norsk statsborgarskap, må kunne dokumentere at dei har gjennomført dei 300 timane med obligatorisk norskopplæring, eller på annan måte dokumentere at norskkunnskapane er gode nok.

Somme innvandrarar har rett til gratis norskopplæring. Andre må betale for opplæringa sjølve, men plikta til å lære norsk gjeld alle. Ordninga gjeld personar mellom 16 og 67 år. Personar som er mellom 55 og 67 år, har rett til å få norskopplæring dersom dei ønskjer det, men dei har ikkje plikt til å gjennomføre kurset.

Innvandraren må innan tre år bruke retten og oppfylle plikta til 300 timar norskopplæring. All obligatorisk opplæring må vere gjennomført innan fem år etter at ein kom til Noreg.

Desse gruppene har rett og plikt til gratis norskopplæring:

  • Personar med asylstatus
  • Overføringsflyktningar
  • Personar med opphald på humanitært grunnlag
  • Personar med kollektivt vern
  • Personar som er familiegjenforeinte med gruppene over
  • Personar som er familiegjenforeinte med norske eller nordiske statsborgarar

Desse gruppene har plikt til norskopplæring. Dei eller arbeidsgivaren må betale for opplæringa:

  • Arbeidsinnvandrarar utanfor EFTA/EØS-området
  • Personar som er familiegjenforeinte med denne gruppa

Somme grupper av innvandrarar har korkje plikt eller rett til gratis norskopplæring. Dei kan likevel melde seg på norskkurs og betale for det. Desse gruppene er til dømes:

  • Personar som kjem til Noreg for å studere
  • Au pair-ar og andre med mellombels opphald
  • Nordiske statsborgarar
  • Personar med opphald etter EFTA/EØS-regelverket

Du kan lese meir på nettsida til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI).

Kvifor har styresmaktene fastsett at innvandrarar må gjennomføre 300 timar norskopplæring for å få busetjingsløyve?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no