Intro
Norsk (nynorsk)

Norskopplæringa er delt inn i tre spor

All norskopplæring for vaksne innvandrarar følgjer ein læreplan. Denne planen har Stortinget vedteke. Planen fortel kva emne som skal takast opp, og kva kunnskapsmål deltakarane skal nå. Hovudmålet for opplæringa er at deltakarane skal lære norsk og få grunnleggjande kunnskap om det norske samfunnet.

Deltakarane kan følgje opplæringa på tre ulike spor, avhengig av morsmålet og tidlegare skolegang. Deltakarar kan byte frå eit spor til eit anna under opplæringa. Målet er å forstå norsk munnleg og skriftleg og å kunne skrive og snakke norsk.

Spor 1

Undervisninga er tilpassa deltakarar med liten eller ingen skolegang. Somme av deltakarane kan ikkje lese og skrive sitt eige morsmål.

Spor 2

Undervisninga er tilpassa deltakarar med litt skolegang.

Spor 3

Undervisninga er tilpassa deltakarar med mykje skolegang. Mange har høgare utdanning.

Etter avslutta opplæring er det mogleg å ta ei prøve. Det er laga fire prøver som har ulik vanskegrad: norskprøve 1, norskprøve 2, norskprøve 3 og norskprøve 4.

Heile læreplanen finn du på nettsida til VOX.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no