Intro
Norsk (nynorsk)

Norsk historie: Innvandring og utvandring

Innvandring

©Scanpix©Scanpix

Det har lenge vore ulike folkegrupper i Noreg. Samane har budd i Nord-Noreg i to tusen år, og i fleire hundre år har det kome folk til Noreg for å arbeide. Dei første arbeidsinnvandrarane kom frå grannelanda og frå Vest-Europa. I dag bur det menneske frå 200 ulike land her.

Frå 1960 vart økonomien i Noreg betre. Det vart bruk for fleire arbeidstakarar, og mange kom frå andre land for å få jobb. Dei første som kom, var frå Europa, men frå rundt 1970 kom det mange også frå Asia, Afrika og Latin-Amerika. Det kom mange pakistanarar og tyrkarar for å arbeide, og mange av dei bur her enno. I 1975 vart det innvandringsstopp fordi arbeidsløysa auka, og det vart vanskeleg å finne bustad til alle som kom.

I dag kan personar frå EØS-land få opphaldsløyve og arbeidsløyve i Noreg. Det er også mogleg å få arbeidsløyve for spesialistar med eit yrke Noreg har bruk for. Dei siste åra har det også kome mange asylsøkjarar frå mange delar av verda. Menneske som må flykte frå krig og vald, kan søkje om asyl i Noreg.

Utvandring

©Norsk Folkemuseum©Norsk Folkemuseum

Nordmenn har også utvandra til andre land. I siste halvdelen av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet utvandra om lag 800000 nordmenn til USA. Økonomien i Noreg var dårleg, og det var vanskeleg å finne arbeid. Mange drøymde om å skape seg eit nytt liv i USA. Dei hadde høyrt at det var gode framtidsutsikter der. Den første tida i det nye landet var vanskeleg for mange, men dei fleste klarte seg bra.

I dag reiser mange nordmenn for å studere eller arbeide i eit anna land. Dei bruker tida til å bli kjende med ein annan kultur og kanskje lære eit nytt språk. Norske ungdommar bruker nokre månader eller eit heilt år på å reise rundt i verda for å sjå og oppleve ulike land og kulturar.

Dei siste utvandrarane frå Noreg er dei som reiser til varmare land for kortare eller lengre periodar. Mange pensjonistar ønskjer å kome bort frå den kalde, norske vinteren. Somme flyttar permanent, til dømes til Spania, medan andre bur der om vinteren og i Noreg om sommaren.

Noreg har hatt innvandringsstopp sidan 1975. Korleis kan vi forklare auken i innvandrarbefolkninga?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no