Intro
Norsk (nynorsk)

Mange dialektar – to skriftspråk

Det er mange måtar å snakke norsk på. I ulike delar av landet snakkar folk ulike dialektar, og det kan vere store skilnader på ord, uttrykk og tonefall.

Ivar Aasen ©Universitetsbiblioteket i BergenIvar Aasen ©Universitetsbiblioteket i Bergen

Noreg har to offisielle skriftspråk, bokmål og nynorsk. Kvifor er det slik?

Noreg var i union med Danmark frå 1380 til 1814. Nordmenn som kunne skrive, skreiv derfor dansk. Det gjorde at det norske skriftspråket gradvis gjekk til grunne. I 1814 fekk Noreg si eiga grunnlov, og unionen med Danmark tok slutt. Noreg kom i union med Sverige, men dansk var framleis skriftspråket i Noreg. I mange byar var også talespråket ganske likt dansk, medan folk som budde på landsbygda, stort sett snakka ulike norske dialektar.

Knud Knudsen ©RiksantikvarenKnud Knudsen ©Riksantikvaren

Sjølvstende for Noreg vart ofte diskutert på 1800-talet, og mange var opptekne av at Noreg burde ha sitt eige skriftspråk. Debattane om korleis det norske språket skulle vere, var lange og kjensleladde. To språkforskarar har i særleg grad sett preg på språkutviklinga.

Ivar Aasen (1813–1896) reiste rundt i Noreg og høyrde på ulike dialektar. Han brukte litt frå kvar dialekt og laga det språket vi i dag kallar nynorsk.

Knud Knudsen (1812–1895) ville i staden gjere det danske skriftspråket meir norsk. Det danske skriftspråket i Noreg utvikla seg til det vi i dag kallar bokmål.

I dag er bokmål og nynorsk jamstilte. Alle norske skoleelevar må lære å lese og skrive begge skriftspråka.

Høyr dialektar frå fleire stader.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no