Intro
Norsk (nynorsk)

Grunnskolen

©Jeff Cadge/Getty Images©Jeff Cadge/Getty Images

Den norske grunnskolen er 10-årig. Barna byrjar på skolen det året dei fyller seks år. Grunnskolen kan delast inn i to:

  • Barneskolen, 1.–7. klasse
  • Ungdomsskolen, 8.–10. klasse

Barneskolen

På 1.–4. årstrinn skal opplæringa vere prega av tradisjonane både frå barnehagen og skolen. Opplæringa skal gi plass til undring, og elevane skal få vere nysgjerrige og utforske gjennom leik. Opplæringa er i stor grad organisert om tema. På 4. årstrinn blir undervisninga litt meir organisert rundt dei ulike faga.

På 5.–7. årstrinn kjem faga tydelegare fram. Opplæringa skal gjere at elevane utviklar kunnskapane, evnene og holdningane sine vidare. Det skal leggjast til rette for at elevane får utvikle fantasien sin og evna til kritisk tenking. Dei skal jobbe med problemløysing på mange ulike måtar.

Ungdomsskolen

På 8.–10. årstrinn blir det lagt vekt på fagleg fordjuping, og det blir stilt større faglege krav. Elevane skal stimulerast til sjølvstende, konsentrasjon og samarbeid. I ungdomsskolen får elevane karakterar. 6 er den beste karakteren og 1 den dårlegaste.

Fag i grunnskolen

Under kan du sjå kva fag elevane har i den norske grunnskolen:

  • Kristendomskunnskap med religions- og livssynskunnskap (KRL)
  • Norsk
  • Matematikk
  • Samfunnsfag
  • Kunst og handverk
  • Naturfag
  • Engelsk
  • Framandspråk 2 og 3
  • Musikk
  • Mat og helse
  • Kroppsøving
  • Tilvalsfag
  • Klasse- og elevrådsarbeid
  • Frie aktivitetar

Det faget som har flest timar, er norsk. Deretter følgjer matematikk.

Dei første åra på barneskolen skal mykje av læringa skje gjennom leik. Kvifor er det slik, trur du? Kva synest du om det?

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) er obligatorisk for alle elevar. Kva synest du om det?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no