Intro
Norsk (nynorsk)

Grunnskole for vaksne

Vaksne har rett til grunnskoleopplæring dersom dei ikkje har grunnskoleeksamen frå før. Denne opplæringa er gratis, men studenten må betale for bøker og anna studiemateriell sjølv.

Grunnskole for vaksne femner om desse skriftlege faga:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk

I tillegg må ein velje to munnlege fag, og ein kan da velje mellom desse faga:

  • Samfunnsfag
  • Naturfag
  • Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL)

Det er kommunane som har ansvar for å organisere grunnskoleopplæring for vaksne. Ta kontakt med kommunen din for å få meir informasjon.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no