Intro
Norsk (nynorsk)

Universitet og høgskolar

Universitetet i Oslo ©Håkon Mosvold Larsen/ScanpixUniversitetet i Oslo ©Håkon Mosvold Larsen/Scanpix

Det finst universitet og høgskolar fleire stader i Noreg. Somme er private, og somme er offentlege. Dei offentlege er gratis. På noregskartet til høgre kan du sjå kvar lærestadene ligg.

For å bli teken opp som student på eit universitet eller ein høgskole må ein som hovudregel ha studiekompetanse frå vidaregåande skole. Til vanleg er det karakterane frå vidaregåande skole som avgjer kva studium ein kjem inn på.

Stortinget har vedteke at universitet og høgskolar også kan ta opp vaksne søkjarar utan formell studiekompetanse. Søkjarane må da ha ein realkompetanse som blir vurdert som likeverdig. Realkompetanse er all den kunnskapen vi har fått gjennom betalt eller ubetalt arbeid, kurs, skole, fritidsaktivitetar og organisasjonsarbeid. Søkjaren må vere 25 år eller eldre dersom realkompetansen skal vere grunnlag for opptak. Dersom personen står til eksamen i eit studium som varer minst eitt år, gir dette generell studiekompetanse.

Dokumentert realkompetanse kan også gi avkorting av eit studium eller fritak frå visse eksamenar eller prøver.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no