Intro
Norsk (nynorsk)

Godkjenning av utdanning og yrkeskompetanse frå utlandet

Mange innvandrarar som kjem til Noreg, har teke utdanning eller har praksis frå eit yrke i eit anna land. Dersom du har teke utdanning i eit anna land enn Noreg, bør du sjekke om utdanninga di er godkjend her. Kanskje blir berre delar av utdanninga di godkjende, slik at du må ta tilleggsutdanning.

Det er viktig å setje i gang prosessen med godkjenning så snart som råd, for behandlinga tek ofte lang tid. Det er fleire instansar som arbeider med godkjenning av ulike typar utdanning, men NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) kan sende papira dine vidare til rett instans. Ein kan få godkjent heile eller delar av utdanninga, og ein kan eventuelt fullføre utdanninga i Noreg.

Du kan lese meir om godkjenning av utanlandsk utdanning på nettsidene til NOKUT.

Dersom du har praksis frå eit yrke, kan du søkje om yrkesprøving. Gjennom yrkesprøving kan vaksne vise kva dei kan innanfor eitt eller fleire yrke eller fagfelt. Bakgrunn, utdanning, arbeidspraksis, språkkunnskapar og personlege mål blir kartlagde. Personen som ønskjer yrkesprøving, må ta både ein teoretisk test og ein praktisk test innanfor fagområdet. Etter testinga kan ein få eit tilbod om opplæring innanfor dei fagområda der ein ikkje har nok kunnskapar til å få eit fagbrev eller sveinebrev. Ein kan også få skriftleg dokumentasjon som fortel kva fagområde ein har gode kunnskapar om.

Det er ulike reglar for kven som betaler for realkompetansevurdering og yrkesprøving. Ta kontakt med kommunen din, Aetat eller trygdekontoret for å få meir informasjon.

Opnar yrkesprøving nokre dører for deg?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no