Intro
Norsk (nynorsk)

Statens lånekasse for utdanning

Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) er ein statleg bank som låner ut pengar og gir stipend til studentar. Hovudkontoret til Lånekassen er i Oslo, men det er også regionkontor i Stavanger, Bergen, Ørsta, Trondheim og Tromsø.

Ideen bak Lånekassen er at det skal vere mogleg for alle som ønskjer det å ta høgare utdanning. Høvet til utdanning skal vere uavhengig av geografisk bustad, alder, kjønn, økonomisk og sosial situasjon. Lånekassen vart oppretta i 1947.

Sjølv om høgare utdanning i stor grad er gratis i Noreg, må studentane likevel ha pengar å leve for. Bøker og anna studiemateriell kostar pengar. Det same gjer bustad, mat og klede. Mange studentar har deltidsjobb i studietida. Men dei aller fleste låner også pengar i Lånekassen.

Når studentane er ferdige med eksamen, blir ein del av lånet gjord om til stipend. Stipendet skal ikkje betalast tilbake.

I dag har Lånekassen rundt 740 000 kundar. I perioden 2003–2004 vart det gitt utdanningsstøtte til 263 000 kundar. Desse kundane lånte til saman 9,7 milliardar kroner. Dei same kundane fekk 6,4 milliardar kroner i stipend denne perioden.

Du kan lese meir om studielån på nettsidene til Lånekassen.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no