Intro
Norsk (nynorsk)

Vidaregåande opplæring for vaksne

Vaksne har fått lovfesta rett til vidaregåande opplæring frå august 2000. Retten gjeld for personar som er fødde før 1978.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring har rett til å få kartlagt og vurdert realkompetansen sin. Dei skal få tilbod om skoleplass på grunnlag av realkompetansen sin.

Realkompetanse er all kunnskapen ein har fått gjennom betalt eller ubetalt arbeid, kurs, skole, fritidsaktivitetar og organisasjonsarbeid.

Opplæringa skal vere fleksibel når det gjeld tid, stad, lengd og progresjon. Ho skal også vere tilrettelagd for vaksne som ønskjer å kombinere opplæringa med jobb, familieliv og liknande.

Realkompetanse skal kvalifisere til kortare og individuelt tilpassa opplæring.

Opplæringa skal vere gratis, men studenten må sjølv dekkje utgifter til bøker og anna studiemateriell.

Det er fylkeskommunen som har ansvar for å gi vidaregåande opplæring, personleg rettleiing og individuell opplæringsplan. Ta kontakt med fylkeskommunen din for å få meir informasjon.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no