Intro
Norsk (nynorsk)

Skolehistorie

©J.W. Cappelens arkiv©J.W. Cappelens arkiv

Fram til midten av 1700-talet var dei fleste nordmenn analfabetar. Berre nokre få kunne lese og skrive.

Kyrkja meinte det var viktig at folk kunne lese Bibelen. Derfor fekk Noreg i 1739 den første skolelova. På skolen lærte barna kristendom og lesing. I 1827 kom faga skriving, matematikk og song. Barna fekk gå på skole nokre veker kvart år. Barn i byane gjekk meir på skole enn barn på landet. Barna byrja på skolen når dei var sju år, og dei slutta når dei var rundt fjorten år gamle og vart konfirmerte i kyrkja.

Frå 1936 var det sju års skoleplikt. Men skolen var ikkje lik for alle. Til dømes hadde gutane meir matematikk enn jentene, og jentene lærte om husstell og matlaging.

Etter den andre verdskrigen (1939–1945) var tanken om likskap og likeverd viktig i det norske samfunnet. Dette galdt også skolen. Alle barn skulle få eit likeverdig skoletilbod. Det skulle ikkje vere skilnad på barn med rike foreldre og barn med fattige foreldre. Gutar og jenter skulle få same skoletilbod. Det skulle heller ikkje ha noko å seie kvar i landet ein budde.

I 1969 vart det ni års skoleplikt, og i 1997 vart det ti års skoleplikt for alle.

©Olav Olsen/Scanpix©Olav Olsen/Scanpix

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no