Intro
Norsk (nynorsk)

Emne 5 Arbeid, arbeidsliv og arbeidsmarknad

I Noreg er ein stor del av den vaksne befolkninga i arbeid. Rundt 70 % av kvinnene og 80 % av mennene er yrkesaktive. Nesten halvparten av alle yrkesaktive kvinner jobbar deltid, medan berre 13 % av dei yrkesaktive mennene jobbar deltid. Av førstegenerasjonsinnvandrarar var 55,6 % i lønt arbeid i 2003.

Dei som ikkje er i arbeid, er til dømes studentar, husmødrer, trygda og arbeidssøkjarar.

3,6 % av alle vaksne er arbeidssøkjarar (april 2005). Å vere arbeidssøkjar vil seie at ein ikkje har arbeid som gir lønn, men at ein leitar etter jobb og er klar til å ta til å jobbe straks. 9 % av innvandrarbefolkninga er arbeidssøkjarar (2005).

©O. Væring Eftf. AS©O. Væring Eftf. AS

Denne nettsida er eit supplement til emne 5 i læreboka. Her kan du lese meir om desse emna:

  • Aetat
  • Fagforeiningar
  • CV
  • Jobbsøknad
  • Arbeidsmiljølova og ferielova – på fleire språk
  • Fråvær frå jobben
  • Starte si eiga bedrift

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no