Intro
Norsk (nynorsk)

NAV

Hovudoppgåva til NAV er å hjelpe arbeidssøkjarar til å få ny jobb raskast mogleg. NAV legg til rette for aktiv jobbsøking og gir personleg oppfølging og rettleiing. NAV jobbar også med kvalifisering av arbeidssøkjarar.

NAV har brei kunnskap om arbeidsmarknaden i Noreg. NAV samarbeider tett med arbeidsgivarar, styresmakter og organisasjonar for å førebyggje arbeidsløyse.

Formidling

Ei viktig oppgåve for NAV er å formidle arbeidssøkjarar til arbeid. Formidling vil seie at ein arbeidssøkjar får informasjon og opplysningar om ei bestemt stilling. På internettsidene til NAV kan du finne annonsar for ledige jobbar.

Kvalifisering

Arbeidssøkjarar som treng hjelp for å kome i jobb, kan få tilbod om arbeidstrening og kvalifisering gjennom ulike kurs og anna organisert opplæring

NAV intro

NAV intro er ei spesialeining som har spesielt ansvar for å gi hjelp og støtte til arbeidssøkjarar med innvandrarbakgrunn. NAV intro har kontor i Oslo, Bergen, Kristiansand og Trondheim. Søkjarar frå andre fylke kan óg søkje assistanse frå NAV intro. NAV intro skal samarbeide med NAV i kvar kommune om å gi tilbod til arbeidssøkjarar med innvandrarbakgrunn.

NAV intro kan mellom anna hjelpe til med dette:

  • Rettleiingssamtalar
  • Språktesting
  • Førebuande opplæring
  • Ulike kurs tilpassa arbeidssøkjarar med innvandrarbakgrunn

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no