Intro
Norsk (nynorsk)

CV

Ein CV er eit dokument der vi kort fortel om arbeidspraksisen og utdanninga vår. CV-en gir informasjon til moglege arbeidsgivarar. Når vi søkjer jobb, sender vi både søknad og CV.

Ein CV bør innehalde informasjon om dette:

  • Personalia
  • Arbeidspraksis
  • Utdanning
  • Anna: til dømes informasjon om tillitsverv, frivillig arbeid i organisasjonar, datakunnskapar, kurs vi har teke, språkkunnskapar, datakunnskapar, fritidsinteresser, omsorgsarbeid og eigenskapar
  • Referansar

Når vi skriv ei liste over arbeidspraksisen, set vi alltid først opp den siste jobben vi har hatt, og går bakover i tid. Det same gjeld når vi set opp ei liste over utdanning. Du finn døme på ein CV til høgre.

Kvifor er det viktig at CV-en er pen og oversynleg?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no