Intro
Norsk (nynorsk)

Fagforeiningar

©John Petter Reinertsen/Samfoto©John Petter Reinertsen/Samfoto

LO

På 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var livet vanskeleg for mange arbeidarar. Arbeidsdagane var lange, lønna var låg, og mange jobba også under farlege forhold. Det nytta ikkje å klage. Da kunne ein miste jobben.

Litt etter litt gjekk arbeidarane saman og skipa fagforeiningar. Dei tenkte at når mange stod saman, ville det vere lettare å endre ting dei var misnøgde med. Dei første fagforeiningane vart skipa rundt 1870.

Fagforeiningane har vore veldig viktige for det norske samfunnet. Dei har arbeidd hardt for at vi skal få trygd når vi er sjuke eller arbeidslause. Dei har også arbeidd for at vi skal få ferie frå jobben og kortare arbeidsdagar.

Den viktigaste oppgåva fagforeiningane har i dag, er å forhandle med arbeidsgivarane om lønn og andre rettar. Desse rettane kan vere arbeidstid og ferie, rett til opplæring i jobben og liknande.

Når vi er med i ei fagforeining, er vi organiserte. Vi betaler litt av lønna vår kvar månad til fagforeininga. Det blir kalla å betale fagforeiningskontingent. I dag er om lag 60% av arbeidstakarane i Noreg organiserte.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no