Intro
Norsk (nynorsk)

Jobbsøknad

Arbeidsgivarar får mange søknader til ledige stillingar. Det er i mange tilfelle søknaden din som avgjer om du blir kalla inn til intervju eller ikkje. I søknaden fortel du kort om deg sjølv og bakgrunnen din, og om kvifor akkurat du passar til den ledige jobben. Det er viktig å tenkje gjennom kva som er spesielt med akkurat deg. Kva for kvalifikasjonar og eigenskapar har du som du kan tilføre den ledige jobben? Når du skriv jobbsøknad, er det lov å skryte litt av seg sjølv. Men det er også viktig å vere ærleg.

Søknaden bør sjå pen og ordentleg ut. Han bør helst vere skriven på maskin. Innhaldet i søknaden må vere korrekt; det gjeld både adresser og telefonnummer og opplysningane du gir om utdanning og praksis. Mange skrivefeil tek seg heller ikkje bra ut i ein søknad.

Det er ei fast form på søknader. Du byrjar med å skrive namnet ditt og adressa di øvst i venstre hjørne. Under skriver du namnet og adressa til arbeidsgivaren der du søkjer jobb. Stad og dato skal stå til høgre på arket, utanfor siste linja i adressa til arbeidsgivaren.

Søknaden bør innehalde desse punkta:

  • Kva for ein jobb du søkjer
  • Kvar du har høyrt om den ledige jobben
  • Kort om deg sjølv og kva du gjer no
  • Kort om bakgrunnen din
  • Kvifor du passar til jobben

Hugs å skrive under søknaden med fullt namn. Saman med søknaden er det vanleg å sende vedlegg:

  • ein CV
  • kopi av vitnemål
  • kopi av attestar frå tidlegare jobbar

CV er eit dokument der du punktvis listar opp mellom anna utdanning og erfaring.

Sjå døme på ein jobbsøknad til høgre.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no