Intro
Norsk (nynorsk)

Fråvær frå jobben

Eigen sjukdom

Når du er sjuk, kan du vere heime frå jobben med full lønn. Dei første 16 dagane er det arbeidsgivaren som betaler lønna. Deretter er det trygdekontoret som betaler. Vi kallar desse 16 dagane arbeidsgivarperioden.

Arbeidsgivaren må få melding den første dagen du er borte frå jobben. Dersom du er borte fordi du er sjuk, må du alltid dokumentere det. Du dokumenterer anten med eigenmelding eller sjukmelding.

Du har også rett til fri frå jobben med lønn når barna dine er sjuke. Les om dette i Intro deltakarbok i emne 5 om Arbeid, arbeidsliv og arbeidsmarknad.

Eigenmelding

Eigenmelding vil seie at du sjølv dokumenterer at du er sjuk. Du treng ikkje gå til lege. Det er du sjølv som avgjer at du er for sjuk til å jobbe. Det er reglar for kor ofte og kor lenge du kan bruke eigenmelding.

Dette er dei vanlegaste reglane for bruk av eigenmelding:

  • Du kan ikkje bruke meir enn fire eigenmeldingar på 12 månader.
  • Ei eigenmelding kan vare éin, to eller tre dagar. Du må også telje med laurdag og søndag.
  • Dersom du er borte frå jobben ein halv arbeidsdag eller meir, må du bruke eigenmelding.
  • Etter ei eigenmelding må det gå meir enn 16 dagar før du kan bruke ny eigenmelding.
  • Etter ei sjukmelding må det gå meir enn 16 dagar før du kan bruke eigenmelding.
  • Du kan ikkje bruke eigenmelding dei første åtte vekene du er tilsett ein ny stad.
  • Arbeidsgivaren må få melding om sjukdommen den første dagen du er borte frå jobben.
  • Du må fylle ut eit skjema for eigenmelding den første dagen du er tilbake på jobben.

Sjukmelding

Sjukmelding vil seie at ein lege dokumenterer at du er sjuk. Det er legen som avgjer om du er for sjuk til å jobbe. Det er reglar for kor ofte og kor lenge du kan bruke sjukmelding.

Permisjon

Dersom du treng fri frå jobben av andre grunnar enn eigen sjukdom eller sjukdom hos barn, må du søkje permisjon. Du har ikkje automatisk rett til å få permisjon. Det er arbeidsgivaren som avgjer kor mange dagar du kan få permisjon.

Du kan få permisjon med eller utan lønn. Det er arbeidsgivaren din som eventuelt betaler denne lønna. Reglane for permisjon er ikkje dei same på alle arbeidsplassar.

Nokre grunnar til å søkje permisjon:

  • Sjukdom eller dødsfall i nærmaste familie
  • Å vere saman med barnet sitt dei første dagane i ny barnehage
  • Religiøse og nasjonale festdagar og høgtidsdagar
  • Timeavtale hos lege, tannlege eller fysioterapeut
  • Eige bryllaup
  • Flytting

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no