Intro
Norsk (nynorsk)

Bustadlån

Dei fleste låner pengar i banken når dei skal kjøpe bustad. Det er vanleg at banken krev at kjøparen har litt pengar sjølv (eigenkapital), slik at ein ikkje låner alle pengane bustaden kostar. Men det er ulike reglar i bankane. Kor høg rente ein må betale på lånet, er også avhengig av kor stor del av verdien av bustaden lånet utgjer.

Det er lurt å sjekke vilkåra i fleire bankar før ein tek opp bustadlån. Eit lån vil påverke økonomien din og økonomien til familien i mange år framover. Det er også lurt å undersøkje i kommunen om det er låneordningar der som kan gjelde deg. Husbanken har spesielle låneordningar for ungdom og andre som treng hjelp til å skaffe seg bustad. Kommunen administrerer desse ordningane.

Det er i hovudsaka to typar bustadlån:

  • annuitetslån
  • serielån

Annuitetslån

Annuitetslån vil seie at terminbeløpa er like store gjennom heile nedbetalingsperioden dersom renta ikkje endrar seg. I førstninga er rentedelen høg og avdragsdelen låg. Etter kvart som lånet blir nedbetalt, blir rentedelen mindre og avdragsdelen større. Når renta endrar seg, endrar også terminbeløpet seg. Nedbetalingstida blir den same. Dei samla rentekostnadene er høgare for eit annuitetslån enn for eit serielån. Dei fleste vel annuitetslån, fordi dei månadlege lånekostnadene blir lågare i starten.

Serielån

Serielån vil seie at rentedelen er den same gjennom heile nedbetalingsperioden. Rentebeløpet, og dermed også terminbeløpet, blir lågare etter kvart som du betaler ned på lånet. Dei samla rentekostnadene blir lågare for eit serielån enn for eit annuitetslån fordi du betaler større avdrag tidleg i nedbetalingsperioden.

Her er eit døme som viser avdrag og renter for serielån og annuitetslån. Lånebeløpet for begge låna er 1000000 kroner. Renta er 4 %, og nedbetalingstida er 25 år.

Du kan finne lånekalkulatorar på nettsidene til dei fleste bankane. Her kan du leggje inn ulike lånebeløp og ulik nedbetalingstid. Kalkulatoren reknar ut kor mykje du må betale kvar månad. Du kan også gjere det motsette og leggje inn kor mange kroner du kan betale til banken kvar månad. Da vil kalkulatoren fortelje deg kor lang nedbetalingstida blir.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no