Intro
Norsk (nynorsk)

Eige eigen bustad

74 % av hushalda i Noreg bur i bustader dei eig sjølve.

Det er fleire måtar å eige ein bustad på. Dei to vanlegaste er

  • sjølveigarbustad
  • burettslagsbustad

Sjølveigarbustad

Sjølveigarbustaden er den mest vanlege eigeforma. Når vi skal kjøpe ein sjølveigarbustad, må vi sjølve skaffe pengar til det. Det er vanleg å låne pengar i banken, men det er også nødvendig å ha noko eigenkapital.

Det finst fleire ulike typar sjølveigarbustader. Dei to viktigaste er

  • ein bustad vi eig åleine, til dømes ein einebustad
  • eigarseksjon, til dømes ei leilegheit eller eit rekkjehus

Når vi bur i ein bustad vi eig åleine, har vi sjølve alt ansvaret for eigedommen, både økonomisk og for vedlikehaldet. Rekningar på til dømes husforsikring og kommunale avgifter (vatn, renovasjon og liknande) kjem direkte til huseigaren.

Når vi bur i ein eigarseksjon, eig vi sjølve leilegheita vår, men tomta bustadene står på, eig vi saman med dei andre seksjonseigarane. Rekningar på til dømes husforsikring og kommunale avgifter kjem til styret i bustadsameiget. Utgiftene blir fordelte på seksjonseigarane. Desse utgiftene kallar vi fellesutgifter. Fellesutgiftene blir i regelen fordelte etter storleiken på seksjonen. Det vil seie at ein liten eigarseksjon får lågare månadlege fellesutgifter enn ein større. Det er til vanleg inga fellesgjeld i eit bustadsameige.

Burettslag

Her er det burettslaget som eig bustadene (leilegheiter, rekkjehus, tomannsbustader, einebustader). Når vi kjøper bustad i eit burettslag, er det eigentleg ein del av burettslaget vi kjøper, saman med retten til å bu i ein bestemt del.

Vi har to typar burettslag:

  • Burettslag knytte til bustadbyggjelag
  • Frittståande burettslag

Når vi kjøper bustad i eit burettslag, betaler vi eit innskott. Pengar til dette innskottet må vi skaffe sjølve. Det er viktig å vere klar over at dette innskottet berre er ein del av den reelle prisen på bustaden. For å finne den eigentlege prisen må vi leggje til den prosentdelen av fellesgjelda til burettslaget som fell på bustaden.

Fellesutgiftene i ei burettslagsleilegheit er i regelen høgare enn i ein eigarseksjon i eit bustadsameige. Det kjem av at fellesutgiftene i eit burettslag dekkjer renter og avdrag på fellesgjelda til burettslaget, kommunale avgifter, bustadforsikring, straum i fellesrom og utgifter til eventuell vaktmeister.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no