Intro
Norsk (nynorsk)

Innbuforsikring

Innbuforsikring er ikkje obligatorisk, men det er veldig lurt å ha. Vi bør ha innbuforsikring anten vi bur i sjølveigarbustad eller leiger ein bustad.

Innbuforsikringa dekkjer skadar på møblar, radio, tv, musikkanlegg, klede og andre gjenstandar i samband med brann eller vasskadar. Forsikringa gjeld også dersom innbu blir stole frå bustaden.

Det er vårt eige ansvar å ha ei slik forsikring. Innbuforsikringa gjeld for heile husstanden. Når vi kjøper ei innbuforsikring, fastset vi sjølve maksimumsgrensa for forsikringssummen. Dersom vi vel ei høg maksimumsgrense, blir forsikringspremien også høgare. Men det kan også bli dyrt å ha sett for låg grense dersom uhellet skulle vere ute.

Du bør sjekke prisar og vilkår hos ulike forsikringsselskap før du teiknar innbuforsikring.

Dei fleste selskapa har mykje informasjon på internettsidene sine. Du kan til dømes sjå kor mykje ei innbuforsikring kostar.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no