Intro
Norsk (nynorsk)

Barnetrygd

Familiar med barn under 18 år får utbetalt barnetrygd frå staten. Barnetrygda blir utbetalt i slutten av kvar månad, og vi betaler ikkje skatt av desse pengane. Barnetrygda er lik for alle, uavhengig av inntekta til familien.

Det er viktig å vere klar over at barnetrygda er foreldra sine pengar og ikkje barnet sine. Barnetrygda er meint å dekkje ein del av utgiftene familien har på grunn av barna, som til dømes høgare buutgifter, klede, sko, sportsutstyr og liknande.

Hovudregelen for å få utbetalt barnetrygd er at barnet eller barna ein får utbetalt trygd for, er busette i Noreg. Dersom barnet eller barna bur utanfor Noreg i meir enn 12 månader, mistar som regel familien retten til barnetrygd. Det kan også utbetalast barnetrygd for barn som bur i eit anna EØS-land enn Noreg, dersom til dømes ein av foreldra arbeider i Noreg.

Satsane under gjeld frå 1. januar 2007 og viser kor mykje familien får for kvart barn kvar månad:

  • Vanleg sats er kr 970.
  • For barn som bur i Finnmark eller i nokre kommunar i Nord-Troms, blir satsen høgare. Tillegget er på kr 320.
  • Einslege forsørgjarar kan få utvida barnetrygd. Det vil seie at dei får barnetrygd for eitt barn meir enn dei har. Einslege forsørgjarar kan også få ekstra småbarnstillegg for barn mellom null og tre år. (Tillegget er på kr 660 per månad.)

Du kan lese meir om barnetrygd på nettsidene til NAV.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no