Intro
Norsk (nynorsk)

Kontantstøtte

Foreldre som har barn mellom eitt og tre år, kan ha rett til kontantstøtte frå staten. Føresetnaden for å få kontantstøtte er at barnet ikkje har fulltidsplass i barnehage med offentleg støtte. Dersom barnet har deltidsplass i ein slik barnehage, kan familien få delvis kontantstøtte. Det er den tildelte tida i barnehagen som avgjer kor stor kontantstøtta blir. Det har ikkje noko å seie om barnet er kortare tid i barnehagen enn den tildelte tida.

Kontantstøtta blir utbetalt kvar månad, og familien betaler ikkje skatt av desse pengane.

Hovudregelen er at barnet det blir søkt kontantstøtte for, er busett i Noreg. Det kan også utbetalst kontantstøtte for barn som bur i eit anna EØS-land enn Noreg, dersom til dømes ein av foreldra arbeider i Noreg.

Kontantstøtte kan tidlegast utbetalast frå månaden etter at barnet fyller eitt år, eller frå månaden etter at barnet sluttar i barnehagen.

Dersom barnet som familien får kontantstøtte for, byrjar heilt eller delvis i barnehage, har foreldra plikt å melde frå til trygdekontoret om det.

Satsane under gjeld frå 1. januar 2007:

Avtala opphaldstid per veke i barnehagen:Kontantstøtte per månad:
0 timar kr. 3.303
1 – 8 timarkr. 2.642
9 – 16 timarkr. 1.982
17 – 24 timarkr. 1.321
25 – 32 timarkr. 661
33 timar og meirkr. 0

Du kan lese meir om kontantstøtte på nettsidene til NAV.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no