Intro
Norsk (nynorsk)

Svangerskapspermisjon og fødselspengar

Foreldre som har vore i lønt arbeid minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til, har rett til permisjon frå jobben med fødselspengar i samband med fødselen og tida etterpå.

Fødselspengane er i regelen lik full lønn, men dei er avgrensa til 6G. (G = grunnbeløpet i folketrygda. Frå 1. mai 2007 er 1G kr 62.892.)

Fødselspengar blir i utgangspunktet gitt anten i opptil 44 veker med full lønn eller i opptil 54 veker med 80 % av full lønn.

Fedrekvote

Dersom begge foreldra har tent opp rett til fødselspengar, kan dei dele fødselspengeperioden mellom seg slik dei sjølve synest er best, med visse avgrensingar. Faren må ta ut minst seks veker permisjon i stønadsperioden. Desse seks vekene blir kalla fedrekvoten. Dersom faren ikkje bruker fedrekvoten, mistar foreldra rett til betalt permisjon i desse seks vekene.

Tidskontoordning

Foreldre kan også velje å bruke ei tidskontoordning i staden for å ta ut fødselspengar i 54 eller 44 veker. Dette vil seie at foreldra kan kombinere nedsett arbeidstid på jobben og permisjon med fødselspengar i ein lengre periode. Det samla pengebeløpet ein får dersom ein vel ei tidskontoordning, blir det same som om ein vel å ta ut fødselspengane på vanleg måte.

Du kan lese meir om svangerskapspermisjon og fødselspengar på nettsidene til NAV.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no