Intro
Norsk (nynorsk)

Tvangsekteskap

Tvangsekteskap vil seie at ei jente eller ein gut blir pressa av familien til å gifte seg. Presset kan vere fysisk eller psykisk. Å tvinge eller presse nokon til å gifte seg er forbode i Noreg, og norsk rett reknar tvangsekteskap som eit alvorleg overgrep. Det er også ulovleg å ta med seg barna frå Noreg til eit anna land for å tvinge dei til å gifte seg der.

Dei siste åra har tvangsekteskap blant ungdom med innvandrarbakgrunn vore eit omdiskutert tema. Politikarar og andre ser på tvangsekteskap som eit alvorleg problem og prøver å finne ut korleis dette skal stoppast.

Kva seier norsk lov om inngåing av ekteskap?

«Kvinner og menn har samme rett til fritt å velge ektefelle. Ekteskap skal inngås av egen fri vilje og med eget samtykke.» Frå lov om ekteskap, § 1a.

«For tvangsekteskap straffes den som ved vold, frihetsberøvelse, utilbørlig press eller annen rettsstridig adferd eller ved å true med slik adferd tvinger noen til å inngå ekteskap. Straffen for tvangsekteskap er 6 år. Medvirkning straffes på samme måte.» Frå straffelova § 222, andre ledd.

Det finst fleire instansar som prøver å hjelpe unge menneske som føler at dei blir pressa til å gifte seg.

Til dømes driv Oslo Røde Kors Internasjonale Senter (ORKIS) ein tvangsekteskapstelefon. Dit kan du ringje dersom du treng hjelp eller vil snakke med nokon. Alle som jobbar der, har teieplikt, og du treng ikkje seie namnet ditt dersom du ikkje vil. Det er gratis å ringje dit. Du kan ringje på kvardagar mellom klokka 09.00 og klokka 18.00. Telefonnummeret er 81555201.

Korleis vil du definere tvang?

Kvifor ser det norske samfunnet på tvangsekteskap som eit problem?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no