Intro
Norsk (nynorsk)

Emne 7 Befolkningsstruktur og naturforhold

For 18 000 år sidan var Noreg dekt av is. Gradvis vart det varmare, isen smelta, og dei første menneska vandra over isen frå Tyskland for om lag 11 000 år sidan. Dei levde av å fange dyr. Dei brukte stein til å lage reiskapar av, og kleda var laga av dyreskinn. Vi kallar denne tida steinalderen.

Etter kvart vart det varmare i vêret, og store skogar voks fram. Menneska tok til å dyrke jorda, og dei heldt husdyr. Dei lærte å spinne og veve og laga klede av saueull. Dei laga knivar, øksar og andre reiskapar av jern. Store familiar budde saman. Bestefaren var leiaren på garden. Ein slik stor familie vart kalla ei ætt. Ætta gav alle vern, hjelp og tryggleik. Motsetningar mellom ættene vart løyste på tinget. Somme ætter vart rike og mektige, og dei handla med andre europeiske folk.

I 793 gjekk nordmenn til åtak på klosteret Lindisfarne på austkysten av Nord-England.

For første gong spela folk frå Norden ein viktig rolle i europeisk historie. Svenskar, danskar og nordmenn hadde gode båtar og reiste ut på lange sjøreiser. Dei vart kalla vikingar. Dei handla, plyndra, slost og tok slavar. Vikingane hadde sin eigen religion med mange gudar. Mange vikingar reiste ut frå Noreg og busette seg andre stader.

©O. Væring Eftf. AS©O. Væring Eftf. AS

Denne nettsida er eit supplement til emne 7 i læreboka. Her kan du lese meir om desse emna:

  • Samferdsel
  • Samar
  • Olje
  • Allemannsretten
  • Fritidsfiske
  • Vanlege dyr i Noreg

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no