Intro
Norsk (nynorsk)

Samferdsel

Noreg er eit langstrekt land. Landet har store område med høge fjell, store skogar og vatn og djupe fjordar.

I gamle dagar var det ikkje så lett å reise rundt i Noreg, men i vår tid er det bygd vegar over nesten heile landet. Det offentlege transportnettet er godt utbygd. Offentlege transportmiddel kan vere buss, tog, passasjerbåt, bilferje og fly.

©Kjell Herskedal/Scanpix©Kjell Herskedal/Scanpix

Langs norskekysten ligg det om lag 50000 øyar, og det bur menneske på rundt 2000 av dei. Somme øyar har bru over til fastlandet, medan andre øyar berre har ferjesamband. Dei siste åra er det også bygd undersjøiske tunnelar til fleire øyar. Dersom du køyrer bil, tog eller buss i Noreg, vil du ofte køyre gjennom tunnelar i fjellet.

Dersom du vil sjekke avgangstider eller framkomsttider, stoppestader og liknande for offentlege transportmiddel i Noreg, kan du søkje på nettsidene til NSB, rutebok.no eller nettsidene til ulike transportselskap.

Dei fleste vegane i Noreg er offentlege. Staten har ansvar for vedlikehald av dei store vegane, det vil seie riksvegar og europavegar. Fylket har ansvaret for somme vegar og kommunen for andre.

Når du køyrer på private vegar, må du somtid betale bompengar. Det gjeld også på nokre offentlege vegar, både når du køyrer inn i større byar, når du skal køyre gjennom ein tunnel eller over ei bru eller på ei vanleg vegstrekning. Det har vorte meir vanleg å finansiere større vegprosjekt med bompengar.

Kva slags offentlege transportmiddel blir nytta der du bur?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no