Intro
Norsk (nynorsk)

Samar

©Trym Ivar Bergsmo/Samfoto©Trym Ivar Bergsmo/Samfoto

Samane er eit urfolk som har budd i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og Russland i lang tid. Eit urfolk er den folkegruppa som har budd lengst i eit land.

Ein reknar at den samiske befolkninga er på om lag 100000 personar, og 40 000 til 50 000 av dei bur i Noreg.

Samane har sitt eige språk, det heiter samisk. Det er fleire dialektar av samisk, og ikkje alle samar forstår kvarandre. Samane har sin eigen kultur og religion, sjølv om svært mange samar no er kristne. Samane har også ein eigen musikktradisjon. Dei fleste tenkjer nok på joik når det er tale om samisk musikk. Joik er ein kombinasjon av å syngje og å bruke stemma som eit instrument.

Dei tidlegaste samane levde av jakt og fiske. Ein del samar hadde også store flokkar reinsdyr på vidda. I dag er det berre rundt 10 % av samane som lever av reindrift. Dei fleste jobbar i andre yrke.

Dei fleste samane bur framleis i Nord-Noreg. Oslo er forresten ein av dei kommunane i landet der det bur flest samar.

I 1989 opna det første Sametinget i Noreg. Sametinget den folkevalde forsamlinga til samane. Sametinget arbeider mellom anna med samisk kultur og utdanning.

Samane har status som urbefolkning. Diskuter situasjonen for ulike urbefolkningar i verda.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no