Intro
Norsk (nynorsk)

Olje

I midten av 1960-åra tok ein til å leite etter olje under havbotnen i Norskehavet. Den norske økonomien var ikkje så veldig god på den tida, så utanlandske oljeselskap var med på prøveboringane. Det vart bora i fire år utan at det vart funne olje. Men i 1969 trefte dei endeleg på eit oljefelt.

Det første norske oljefeltet fekk namnet Ekofisk. På kartet ser du namna på mange fleire oljefelt. Som du ser, er det no mange oljefelt i havet utanfor norskekysten. I dag er det berre Saudi-Arabia som eksporterer meir olje enn Noreg.

Den norske staten har eit eige oljeselskap. Det heiter Statoil. Statoil har hovudkontoret sitt ved Stavanger. Mange utanlandske oljeselskap har også kontor rundt Stavanger. Stavanger er oljebyen i Noreg.

Oljen har gjort Noreg til eit rikt land. Ein stor del av oljeinntektene blir plasserte i eit oljefond. Kvart år blir det meir og meir pengar i oljefondet. Politikarane på Stortinget er ikkje samde om korleis pengane i oljefondet skal brukast. Somme ønskjer å bruke av pengane til å løyse oppgåver i Noreg i dag. Andre ønskjer å spare så mykje som mogleg til framtida.

Oljefelt utanfor NoregOljefelt utanfor Noreg

Kva vil skje når Noreg ikkje lenger har inntekter frå oljen?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no