Intro
Norsk (nynorsk)

Allemannsretten

©Tore Wuttudal/Samfoto©Tore Wuttudal/Samfoto

Allemannsretten gir oss lov til å ferdast ute i naturen. Allemannsretten er viktig for å drive friluftsliv i Noreg. Allemannsretten gir oss rett til å gå fotturar i skog og fjell, gå på ski i marka om vinteren og sykle og ri på stigar og vegar. Allemannsretten gjeld ikkje bruk av motorkøyretøy.

Allemannsretten gjeld i utgangspunktet berre i utmark og på dyrka mark når marka er frosen eller snødekt. Utmark er vatn, strand, myr, skog og fjell i Noreg. Innmark er dyrka jord, hage, gardsplass og hustomt. Vi har altså ikkje rett til å gå inn på innmarka til andre.

I utmark kan vi ferdast overalt til fots og på ski og raste kvar vi vil. Vi kan overnatte under open himmel eller setje opp telt, men ikkje nærmare hus eller hytte enn 150 meter. Dersom vi vil vere meir enn to døgn på same staden, må vi spørje grunneigaren om lov.

Når vi bruker allemannsretten, har vi også plikter. Vi må ikkje skade dyr eller naturen. Vi må rydde opp etter oss og ikkje la det liggje att søppel. Vi må også vere varsame med å tenne opp eld. Det er forbode å tenne bål i skogen eller i nærleiken av skogen i perioden 15. april til 15. september.

Dei fleste stader kan vi plukke bær, sopp og blomster, men i Nord-Noreg er det spesielle reglar for molteplukking.

Kva kan vi gjere for å ta vare på naturen?

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no