Intro
Norsk (nynorsk)

Fritidsfiske

©Kjell-Erik Moseid/Samfoto©Kjell-Erik Moseid/Samfoto

Fritidsfiske er fiske som vi driv med for å hyggje oss i fritida. Dei fleste fritidsfiskarar fiskar berre til seg sjølve og familien, og ikkje først og fremst for å selje fisken.

I Noreg fiskar rundt halvparten av dei vaksne éin eller fleire gonger i året. Til samanlikning gjer rundt 80 % av barn og unge det same. Det er trygt å ete fisk vi får i elvar og i sjøen.

Før vi fiskar, må vi gjere oss kjende med lover og reglar som gjeld for fritidsfiske. Det er to ulike typar avgifter som kan vere aktuelle å betale før vi kan byrje å fiske. Desse avgiftene er fiskeavgift og kjøp av fiskekort. Avgiftene gjeld berre for fiske i elvar, vassdrag og innsjøar. Fritidsfiske i sjøen er gratis for alle. Du kan lese meir om fritidsfiske til høgre.

Fiskeavgift

Personar over 16 år som vil fiske på stader i elvar og vassdrag der det går laks, må betale fiskeavgift til staten. Dersom vi vil fiske etter laks, sjøaure eller sjørøye i sjøen, treng vi ikkje å betale fiskeavgift dersom vi fiskar med stong. Vi treng ikkje betale fiskeavgift dersom vi fiskar etter saltvassfisk med stong eller handsnøre. Barn og ungdom under 16 år skal ikkje betale fiskeavgift.

På postkontoret og i banken får vi ferdigtrykt giro for innbetaling av fiskeavgift. Her kan vi også betale. Hugs å ta vare på kvitteringa!

Fiskeavgifta kan også betalast direkte til:

Direktoratet for naturforvaltning, 7485 Trondheim.

Kontonummer 7694 05 02620.

Skriv din eigen signatur på kvitteringa. Da er ho gyldig som fiskeavgiftskort.

Det er også mogleg å betale fiskeavgifta på Internett.

Fiskekort

Retten til å fiske etter innlandsfisk, kreps, sjøaure og sjørøye i elvar og vassdrag tilhøyrer grunneigaren, det vil seie den som eig elva. Vi må kjøpe fiskekort for å få lov til å fiske der. Slikt fiskekort kan vi kjøpe hos grunneigaren, i sportsbutikkar, på turistkontor, på campingplassar osv.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no