Intro
Norsk (nynorsk)

Vanlege dyr i Noreg

I Noreg lever det mange ulike ville dyrearter. Dei fleste dyra i Noreg er ikkje farlege for menneske, og vi kan trygt bruke naturen utan å vere redde for ville dyr. Somme dyr lever i skogen, medan andre lever på fjellet. No skal vi sjå litt nærmare på nokre av dei:

  • Bjørn
  • Ekorn
  • Elg
  • Gaupe
  • Hare
  • Hjort
  • Rein
  • Rådyr
  • Rev
  • Ulv
  • Hoggorm

©Baard Næss/Samfoto©Baard Næss/Samfoto
Bjørn

Det finst mange ulike typar bjørn. Den typen vi finn på fastlandet i Noreg, heiter brunbjørn. I dag er det ikkje så mange bjørnar i dei norske skogane. Bjørnen kan bli 125 cm høg til skuldra, og han kan vege opp til 350 kilo. Bjørnen lever stort sett av bær og planter, men det hender at bjørnen tek sau.

Bjørnen ligg i hi heile vinteren. Hiet kan vere eit holrom under bakken eller i ei skråning. Der søv han til våren kjem.


©Asgeir Helgestad/Samfoto©Asgeir Helgestad/Samfoto
Ekorn

Ekornet finst over heile landet, men er mest utbreidd i strøk med barskog (gran og furu). Det er lett å kjenne att ekornet på den store, buskete halen. Pelsen er raudbrun om sommaren og meir gråkvit om vinteren. Ekornet lever av nøtter og frø, men det tek også fugleungar og fugleegg. Eit vakse ekorn veg rundt 1 kilo.


©Kjell-Erik Moseid/Samfoto©Kjell-Erik Moseid/Samfoto
Elg

Elgen er det største av dyra i dei norske skogane. Han blir gjerne kalla ”skogens konge”. Berre geviret til hannen kan spenne over 150 cm! Skulderhøgda på ein vaksen elg kan vere opp til 230 cm, og han veg mellom 400 og 800 kilo. Elgen er planteetar.


©Asle Hjellbrekke/Samfoto©Asle Hjellbrekke/Samfoto
Gaupe

Gaupa liknar ein stor katt med karakteristiske, svarte duskar i øyra. Pelsen er lysebrun med mørke flekker, og halespissen er svart. Gaupa lever i skogområde over heile landet opp til Troms i nord. Ho er til vanleg rundt ein meter lang. Gaupa er eit rovdyr. Ho et fugl, hare og smågnagarar, men kan også ta katt og sau.


©Steinar Myhr/Samfoto©Steinar Myhr/Samfoto
Hare

Det er rundt 100 harearter i verda. Den haren som lever i Noreg, blir om lag 60 cm lang. Haren har ei stor framtann i overmunnen, lange og kraftige bakføter, kort hale og lange øyre. Pelsen skiftar farge med årstida og er gråbrun om sommaren og kvit om vinteren. Haren er utbreidd over heile landet og trivst både i skogen, på åker og eng og på fjellet. Haren er planteetar.


©Helge Sunde/Samfoto©Helge Sunde/Samfoto
Hjort

Vi finn hjort i skogen og i skogkanten over nesten heile Noreg. Sommarpelsen er raud, grå eller brun, medan vinterpelsen er mørkare og gråare. Hjorten er planteetar og blir opp til 125 cm høg til skuldra. Hannen har eit flott gevir. Kronhjorten blir rekna for å vere eit av dei vakraste dyra i skogen.


©Tom Schandy/Samfoto©Tom Schandy/Samfoto
Rein

Dei fleste reinsdyra i Noreg er tamrein, men på Svalbard og i fjellområda i sør (Hardangervidda, Dovre og Rondane) finn vi villrein. Reinsdyra høyrer til hjortefamilien. Reinen i Noreg blir ikkje så stor; ein vaksen rein er som regel mellom 107 cm og 127 cm høg opp til skuldra. Både hannen og hoa har gevir. Reinen er planteetar.


©Kjell-Erik Moseid/Samfoto©Kjell-Erik Moseid/Samfoto
Rådyr

Tidlegare var det i Noreg rådyr berre i skogane og på enger i Østfold, men dei har no spreidd seg over nesten heile landet. Rådyra høyrer til hjortefamilien. Hannen har gevir. Eit vakse dyr har ei skulderhøgd på mellom 64 og 89 cm og veg mellom 17 og 23 kilo. Rådyret er planteetar.


©Baard Næss/Samfoto©Baard Næss/Samfoto
Rev

Det finst rundt 20 ulike typar rev i verda. I Noreg er raudreven den vanlegaste. Reven lever i skogen. Der bur han i hi. Eit hi er ei hole under bakken. Reven blir om lag 75 cm lang. I tillegg kjem ein lang, flott hale som blir ein halv meter lang. Pelsen er raudbrun med lys underside og kvit haletipp. Reven er eit rovdyr. Han et mus, hare, fugl og fisk. Han et også ville bær.


©Baard Næss/Samfoto©Baard Næss/Samfoto
Ulv

Ulven høyrer til hundefamilien. Han er gråflekket med kvit buk. Ulven er truga av utrydding, og i dag finst det berre nokre få individ her i landet. Ulvane lever og jaktar for det meste i grupper på 6–8 dyr. Dei lever i skogområde, i hovudsaka i grensetraktene mot Sverige.


©Kjell-Erik Moseid/Samfoto©Kjell-Erik Moseid/Samfoto
Hoggorm

Hoggormen er den einaste giftige slangearta i Noreg. Det er lett å kjenne att ein hoggorm fordi han har ei stripe i sikksakk på ryggen. Hoggormen et mus og andre smådyr. Han bit berre dersom han kjenner seg truga. Dersom ein blir biten av ein hoggorm, må ein ta det mest mogleg med ro og oppsøkje lege.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no