Intro
Norsk (nynorsk)

Mersiha Sehic

programrådgivar ved kvalifiseringssenter for innvandrarar i Trondheim kommune

Kva er viktig for nye innvandrarar å vite om det norske samfunnet?

Eg synest det er viktig at innvandrarane kjenner til at vi lever i eit demokratisk samfunn som er regulert av eit godt utbygd lovverk. Noreg er eit godt og trygt land som tek vare på innbyggjarane sine. Betaling av skatt er noko som kjem alle til gode, ikkje minst ein sjølv.

Innvandrarane må også kjenne til kva sjansar dei har til å få utdanning, og vite korleis dei kan ta i bruk den kompetansen dei har frå før. Det er viktig at innvandrarane etter kvart kjem i arbeid, slik at dei kan forsørgje seg sjølve og familien.

For å trivast i Noreg er det viktig at dei byggjer eit nettverk. Om nordmenn bør dei vite at sport og friluftsliv er viktig for mange, at foreldre følgjer opp barna på mange fritidsaktivitetar, og at det er vanleg folkeskikk å møte presis til avtalar.

Kva ventar du som programrådgivar av innvandrarar som deltek i introduksjonsprogrammet?

Eg ventar at nye innvandrarar tek aktivt del i utarbeidinga av programplanen, og at dei kjem med framlegg til aktivitetar. Eg håper dei vil forstå at introduksjonsprogrammet er ei starthjelp på veg mot eigen suksess. Alle deltakarane i introduksjonsprogrammet er unike og har kompetanse dei kan byggje vidare på. Det norske språket er nøkkelen til å opne mange dører i det norske samfunnet. Innvandrarane tener på å vere spørjande, initiativrike og opne når dei snakkar med programrådgivaren sin.

Kva ventar innvandrarar av introduksjonsprogrammet?

Dei ventar å bli tekne på alvor, og at introduksjonsprogrammet skal gi økonomisk tryggleik. Eg trur at mange innvandrarar ventar at introduksjonsprogrammet skal gjere det lettare for dei å kome i kontakt med nordmenn. Dei ventar å få informasjon om arbeidsmarknaden og om nærmiljøet. Mange vil også gjerne vere med på ulike aktivitetar utanom skoletida.

Har du opplevd misforståingar?

Innvandrarane misforstår somme gonger rolla til programrådgivaren. I starten av introduksjonsprogrammet får deltakaren mykje hjelp med det praktiske. Etter kvart ventar ein at innvandraren gjer meir sjølv.

Kva ønskjer du for framtida?

Eg håper at deltakarane i introduksjonsprogrammet tek i bruk den allsidige kompetansen dei har, og at dei nyttar dei sjansane som både introduksjonsprogrammet og samfunnet elles gir dei. Vidare håper eg at programtilbodet blir oppfatta som nyttig og fører til framgang for kvar enkelt person.

Vellykka integrering er ei oppgåve for alle, innvandraren sjølv medrekna. Derfor er det viktig at dei som er med i introduksjonsprogrammet, er med på å utforme den individuelle planen sin, og at dei følgjer opp. Næringslivet og den offentleg sektoren må i større monn enn til no tilsetje folk med ein annan bakgrunn enn deira eigen.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no